– Kjøpet skal styrke Ekornes sin posisjon i den internasjonale møbelmarknaden, seier administrerande direktør Nils-Fredrik Drabløs.
– Lukrative marginar
Ekornessjefen er mest vant til Stressless-stolane sine. No får selskapet ein kolleksjon av rimelegare møblar produsert i Asia.
– Vi får tilgang til produkt som appellerer til ei annen nisje i marknaden enn det Stressless gjer i dag, seier han.
Ifølgje Drabløs har IMG hatt ei svært god utvikling sidan 2006. Møbelprodusenten har hatt ein kraftig ekspansjon frå nesten ingenting til 300 millionar kroner i 2013.
– Det vil seie at dei har marginar som er veldig lukrative, seier han.
Sikrar arbeidsplassar
I Sykkylven har IMG-tilsette vore med på å skape verdiar som no gir store utbetalingar til lokale aksjonærar. Drabløs lovar at IMG-kjøpet vil vere med på å bevare arbeidsplassar i heile Ekornes-konsernet.
– Det forsvinn ingen arbeidsplassar. Tvert imot, det styrkar arbeidsplassane, seier han.
- Les også:
Artikkelen held fram etter bildet.
Ekornessjefen lovar også at populære Stressless-stolane framleis vil bli produsert av norske hender.
– Det er heilt uaktuelt å flytte produksjonen, fordi Ekornesprodukta er baserte på eit miljø med høgteknologi, medan IMG-produkta er basert på billig arbeidskraft, forsikrar han.