Hopp til innhold

Eitt helseforetak i pluss

Helse Midt-Norge er det einaste helseforetaket i regionen som har kontroll over økonomien.

Styreleder Helse Midt-Norge Kolbjørn Almlid

Styreleiar i Helse Midt-Norge, Kolbjørn Almlid.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Helse Midt-Norge var det einaste av dei regionale helseføretaka som leverte tilfredsstillande økonomistyring i perioden 2007 og 2008.

Det går fram av ei undersøking som Riksrevisjonen har gjennomført og leverte til Stortinget i dag.

Utskiftingar i styret og leiinga har vore avgjerande, seier styreleiar i Helse Midt-Norge, Kolbjørn Almlid:

- Vi har skifta ein del mannskaper, og styremedlemmar.

Almlid tok over eit gedigent underskot då han kom inn som styreleiar i 2006. Då vart det kvar månad brukt 65 millionar kroner meir enn det helseforetaket hadde til disposisjon berre på St. Olavs i Trondheim.

I tillegg var det stort overforbruk ved dei andre sjukehusa i helseforetaket.

- Vi har fått forankra kravet om effektivitet og økonomisk ansvar helt ned på sengenivå og på ledelsesnivå, seier han.

- Vil du sei at det var det ei for slapp holdning i organisasjonen?

- Etter mi meining var det det, seier Almlid.

Helse Midt-Norge er det einaste av dei regionale helseforetaka som får godkjent i Riksrevisjonens rapport som i dag vart levert til Stortinget. I år er overskotet på om lag 175 millionar kroner. Noko som er avgjerandre for at helseforetaket skal kunne gjennomføre planlagte investeringar.

- Vi hadde ikkje klart å sette i gong barneavdelinga i Ålesund, om vi ikkje hadde fått orden i økonomien. Og vi hadde heller ikkje kunna fortsette planlegginga av Molde Sykehus.