I brevet til Kontroll- og konstitusjonskomitéen skriv regionrådet at dei er sterkt uroa over framgangsmåten som ser ut til å vere nytta i saka, og som dei meiner er gjort for å fremje ei bestemt lokalisering av det nye, felles akuttsjukehuset.
Over nær fem sider peikar dei på feil og manglar dei meiner har skjedd i prosessen fram til valet av Opdøl som tomt for det nye fellessjukehuset.
Dei 10 nordmørskommunane meiner framgangsmåten i saka harmonerer lite med demokratiske prinsipp.
Dei har så laga ei liste med fire hovudpunkt dei ber kontrollkomiteen sjå nærare på, og vurdere om der har skjedd lovbrot:
- Prosessen/saksbehandlinga i forhold til føretakslova
- Forvaltningslova
- Vedtaka i styra og føretaksmøta
- Habilitet i forhold til forvaltningslovene
Braut Høie lova?
Regionrådet tek rolla til Høie opp mot fleire paragrafar i helseføretakslova. Dei stiller mellom anna spørsmål om kva som skjedde då tidlegare styreleiar for Helse Midt-Noreg, Marthe Styve Holte, gjekk av på dagen i oktober. Dei viser til at ho opplyste til Bergens Tidende at ho trekte seg fordi helseminister Bent Høie påla henne å seie opp administrerande direktør i regionføretaket, Trond Michael Andersen.
Dette er i strid med helseføretakslova, hevdar brevskrivarane, mellom anna fordi lova seier at «eigar ikkje kan utøve eigarstyring i føretaket utanom føretaksmøte». Lova seier også at det er styret som skal avgjere om dagleg leiar skal seiast opp eller få avskjed.
– Det kan synest som om statsråd Høie dermed braut både paragraf 16 og 36 i helseføretakslova, skriv ordførarane og rådmennene i brevet til kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Gardermoen-møtet
Også det hemmelege fellesmøtet mellom dei to styra i helseregionen i november, meiner regionrådet på Nordmøre er i strid med helseføretakslova. Dei hevdar Gardermoen-møtet braut lova på fleire punkt, mellom anna fordi lova seier at styremøta skal vere opne, og ikkje gå for stengde dører slik det skjedde der.
I avtalen regionføretaket skreiv med Andersen i oktober, kjem det fram at han har teieplikt. Brevskrivarane går ut frå at dette skjedde fordi føretaket ville hindre han i å uttale seg om avgangen, og for «å skjule det strategiske spelet som gjekk føre seg».
Oktober-hendingar
I oktober skjedde også andre viktige saker i Helse Midt-Noreg. Nordmørstoppane tek fram konstitueringa av Daniel Haga som administrerande direktør, og hevdar at han i fleire samanhengar har vore støttespelar for å få nye-sjukehuset lagt til Opdøl.
Dei påstår at Haga har vore med på det dei kallar «den systematiske nedbygginga av Kristiansund sjukehus», og skriv at dette truleg har vore ein del av det dei meiner er ein langsiktig plan for å få det nye fellessjukehuset til Molde.
Avgangen til Astrid Eidsvik får også brei omtale i brevet. Kontrollkomitéen blir beden om å merke seg fleire punkt ved at ho gjekk av som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
Dei nemner også at tidlegare styreleiar John Harry Kvalshaug frå Averøy ikkje blei attvald i vervet i Helse Møre og Romsdal i april i år, og at han skal ha støtta Eidsvik.
Ordførar- og rådmannskollegiet ønskjer at alle fire toppleiarane som gjekk av siste månadane før tomtevalet skjedde, blir kalla inn til open høyring og utan å vere bundne av teieplikta.
Saksbehandlinga
Dei 10 Nordmørskommunane drar også fram at dette er ei sak som krev grundig saksbehandling. Dei minner om at forvaltningslova seier at i ei sak der forvaltninga skal ta ei avgjerd, skal saka vere «så godt opplyst som mogleg». Dei meiner dette ikkje er tilfelle i sjukehussaka.
Dei etterlyser også ei ROS-analyse (Risiko- og sårbarheitsanalyse) for oljeverksemda og skipstrafikken i Norskehavet i utgreiingane.
– Dette blei påpeikt i høyringsutsegna til regional konsekvensutredning, men blei ikkje nærare utgreidd før saka blei lagt fram til behandling, skriv dei.
For kort tid
Heller ikkje tempoet i dei tre vedtaka som blei gjort då tomtevalet skjedde, slepp unna kritikk frå nordmørsleiarane. Dei meiner eit tidsrom på eitt døgn mellom kvart av dei tre vedtaka hos Helse Møre og Romsdal, Helse Midt-Noreg og hos helseministeren, ikkje er nok tid til å setje seg inn i kvarandre sine vurderingar.
Dei peikar mellom anna på protokollmerknaden frå styret i Helse Midt-Noreg om at dei gjorde vedtak under føresetnad av at vedtaket i Helse Møre og Romsdal var lovleg.
– Det er ikkje tryggande at to styremedlemmer i eit regionalt føretak finn det naudsynt å ta eit slikt atterhald, heiter det i brevet.
Dei viser også til at det er gjort to protokollmerknader til, der ein av dei gjeld manglar ved utgreiinga.
Habilitet
Siste punktet i brevet frå Nordmøre til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, handlar om habiliteten til styreleiarane Ola T. Strand og Stein Kinserdal, og det same for konstituert dagleg leiar, Daniel Haga.
Nordmøringane viser til det dei trur var eit forsøk på å tvinge Eidsvik til å skifte standpunkt i tomtevalet. I så fall gjer dette alle dei tre leiarane inhabile i behandlinga av saka, hevdar dei og viser til forvaltningslova.
Også at kommunalsjef i Ålesund, Liv Stette, blei vald inn i styret for Helse Midt-Noreg, kan knytast til spørsmålet om habilitet eller ikkje, meiner brevskrivarane. Dei meiner Stette mellom anna har vore for tett knytt til Sunnmøre regionråd IKS, som gjekk inn for å legge sjukehuset til Opdøl.
– Uryddig av statsråden
Ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre stiller også spørsmål om kor vidt Bent Høie er inhabil etter forvaltingslova. Dei skriv at det herskar tvil om han har gitt styringssignal utanom føretaksmøtet eller ikkje. Men det verkar som at dei han har snakka med i begge føretaka, har oppfatta det som om at han har gitt styringssignal, står det i brevet.
– Dette er ei uryddig framferd av ein statsråd som gir grunnlag for å tru at han på eit tidleg tidspunkt hadde bestemt seg for lokalisering, står det i brevet.
Dei 10 nordmørskommunane meiner det no er avgjerande for å skape ro rundt prosessen, at alt som har gått føre seg i saka blir avdekt, og at alle punkta dei tar fram blir grundig behandla av kontroll- og konstitusjonskomitéen.
Statsråden har frist til like over nyttår med å svare på spørsmåla komitéen alt har bedt han gjere greie for.
Brevet frå Nordmøre blei sendt til Oslo i ettermiddag.