NRK Meny
Normal

Eit steg nærare løysing for høgskulane

Høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer kan vere eit steg nærare eit samarbeid.

Høgskulen i Molde

Regjeringa har fått signal om at Høgskolen i Molde må få halde fram med samarbeidsplanane sine saman med høgskulane i Volda og Lillehammer.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Kyrkje- undervisnings- og forskingskomiteen på Stortinget har oppmoda regjeringa til å la høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer få utvikle samarbeidsplanane sine vidare.

Dei tre høgskulane er for små til å halde fram åleine og har til felles at dei ikkje vil bli lagt under universitet i dei store byane.

Les også:

– Større opning enn eg trudde

Per Halse

Rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse, har tru på at dei skal få til eit samarbeid med høgskulane i Molde og Lillehammer.

Foto: Høgskulen i Volda

– Komiteen seier at regjeringa ikkje må utelukke moglegheitene for at ein kan få auka kvalitet gjennom anna samarbeid enn direkte fusjonar, forklarer rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse.

Høgskolen i Ålesund har bestemt seg for å slå seg saman med NTNU i Trondheim, men saman med høgskulane i Molde og Lillehammer har Høgskulen i Volda bede om å få sjå på alternative samarbeidsformer.

Halse oppfattar signalet frå komiteen som ei godkjenning av arbeidet dei har byrja på saman med Lillehammer og Molde.

– Det er i alle fall ei større opning enn eg har oppfatta at regjeringa i utgangspunktet la opp til, understrekar Volda-rektoren.

Utvikle seg saman

I Molde har rektor Hallgeir Gammelsæter tolka signala på same måte.

Høgskulerektor Halgeir Gammelsæter

Rektor Hallgeir Gammelsæter er oppteken av at Høgskolen i Molde ikkje skal leggast under eit universitet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi er sjølvsagt glade for at vi kan halde fram med prosjektet som vi har byrja på saman med Volda og Lillehammer.

Departementet har signalisert at høgskulane både i Volda og i Molde er for små til å halde fram åleine. Dei må oppfølgje visse kvalitetskriterium og rektorane håper eit samarbeid kan hjelpe dei.

– Det er viktig at vi er ein institusjon som kan bevare det interne engasjementet, men på nokre område har vi nytte av å utvikle oss saman med andre.

Vil halde på sterke høgskular

Per Halse ved Høgskulen i Volda seier det utan tvil er mykje som kan vere lettare å få til om ein er fleire ilag. Han peikar blant anna på at det kan verte lettare å få tak i midlar til internasjonal forsking, marknadsføring og rekruttering.

– Felles for høgskulane våre er at vi er opptekne av å styrke den regionale tilknyttinga og halde på sterke høgskular også utanom dei store byane.