Hopp til innhold

Gir vekk arvegods til flyktningar

Listhaugs innstrammingsforslag får folk over heile landet til å gi vekk arvegodsa sine. Biskop Ingeborg Midttømme viser respekt for flyktningane ved å donere eit svært personleg smykke.

Biskop Ingeborg Midttømme

Å gi vekk eit smykke er eit symbol på respekt for flyktningane, meiner biskop i Møre og Romsdal, Ingeborg Midttømme.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Kampanja, "Et smykke for en flyktning" har skapt stort engasjement over heile landet. Både kjente og totalt ukjente fjes har donert vekk flotte smykker av høg affeksjonsverdi til Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOA) sitt flyktningsarbeid. Biskop i Møre og Romsdal, Ingeborg Midttømme er glad for å kunne hjelpe.

– Eg håper at denne gåva kan bidra til at menneske som er på flukt opplever å bli sett. Vi åpnar våre hjarte for dei, vi møter dei med respekt og verdigheit. Dei treng vår støtte.

Biskopen fortel om sitt bidrag i filmen under:

Sjå biskopen i Møre og Romsdal sitt bidrag i kampanjen "Et smykke for en flyktning"

Eit symbol på respekt

Smykkekampanja vart oppretta av NOA i februar på bakgrunn av regjeringa sine innstrammingar i asylpolitikken.

– Vi opplevde forslaga som respektlause for dei barna og unge som er på flukt eller som sitt fast i eit land med krig. Dette er ein kald og skremmande utvikling som vi ønsker å stå opp mot, seier generalsekretær i NOA, Ann-Magrit Austenå.

Den mykje omtalte smykkelova i Danmark gjer at smykker forbindast med å fråta flyktningar verdighet og rettigheiter. NOA ønsker at smykker i staden skal vere eit symbol på respekt for mennesker på flukt.

– Dette viser korleis vi tek i mot menneske som kjem til landet. Smykker er personlege gjenstandar som betyr noko.

Kjemper for kvinnene og barna

For Ingeborg Midttømme er smykker også eit symbol på glede og relasjonar.

Ann-Magrit Austenå

Det er viktig å få ein annan tone i asyldebatten, og ikkje gjere det vanslegare for kvinner og barn, meiner generalsekretær i NOA, Ann-Magrit Austenå.

Foto: NOA

– Smykker som går i arv handlar om relasjonar. Dei som er å flukt har mange brutte relasjonar, og kanskje vil dei aldri sjå sine næraste igjen.

Biskopen har lenge vore engasjert i flyktningssaka og er svært uenig i Listhaug og regjeringa sine forslag.

Solberg: – Regjeringen har ikke konkludert om innstrammingsforslagene

– Dei store instrammingane fører til at fleire menneske set ut på flukt, då det ikkje lenger er nok å berre sende menn. Det vil sette fleire kvinner og barn i fare.

For Midttømme handlar det difor også om å kjempe for kvinnene.

– Eg gir eit smykke til ei kvinne frå ei kvinne som har betydd mykje for meg.

– Flyktningane treng omsorg

Biskop i Møre Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme bidreg med eit smykke frå tanta si. Det har høg affeksjonsverdi.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Midtømme har valgt å gi vekk ei nål som ho arva frå si tante som døydde for tre år sidan.

– Ho hadde ingen barn sjølv, men var omsorgsfull mot meg. Nåla symboliserar dei mange på flukt som treng omsorg.

Ved å gje vekk eit smykke av affeksjonsverdi, opplever ho at flyktningane kjenner seg sett. No oppmodar ho folk om å støtte prosjektet og kjøpe smykkene som i helga vert stilt ut og aksjonert vekk på Det Norske Teatret. 48 personar har donert smykker og inntektene går til NOA sitt flyktningsarbeid.