Hopp til innhold

Eit slikt naust har du neppe sett før

Eit designernaust i Aure har vekt oppsikt over heile verda med sin spesielle utsjånad.

et knippe naust vises frem, nært på detaljer på designnaust, nausteier står på avstand og kikker på naust, går ned mot naust, åpner naustdør, har igjen naustdør, viser frem tak med lyspanel,

Dette naustet er heilt ulikt tradisjonelle naust.

Designernaust i Aure

Journalistar frå heile Europa har skrive artiklar om naustet.

Foto: Roar Halten / NRK

På Grisøyvåga i Aure ligg eit naust som ser heilt tradisjonelt ut frå utsida. Ved eit nærare augekast er naustet ganske ulikt andre naust, som vanlegvis har båtar og fiskeutstyr inni.

Så spesielt er naustet at journalistar frå heile Europa har skrive artiklar om det.

– Materialet frå gamlenaustet er brukt om att innvendig, for å ta vare på det, seier nausteigar Stein Erik Sørstrøm. Naustet som stod her opphavleg er frå midten av 1800-talet.

Stein Erik Sørstrøm foran naustet

Stein Erik Sørstrøm er nøgd med sitt heilt spesielle naust.

Foto: Roar Halten / NRK

Langs veggane er det lagt inn lysfelt, som gir mykje meir lys inn enn i eit vanleg naust.

Naustet er et familieprosjekt. Det er bygt på dugnad, med arkitektdotter Marianne og svigersønnarkitekt Yashar frå Tyin tegnestue, som hjernane bak det heile. Då familien kjøpte eigedomen i 2009 vart det bestemt at naustet var først på arbeidslista.

– Dei melde seg ganske med ein gong og syntest det var ei spanande oppgåve, seier Sørstrøm.

Designernaust i Aure

Dei to arkitektane i familien tok oppgåva med å restaurere naustet på strak arm.

Foto: Roar Halten / NRK