NRK Meny
Normal

Eit samfunn i sorg

Flagget ved Herøy kyrkje i Fosnavåg heng på halv stong i dag. Folk sørgjer. Men dei vil også hjelpe kvarandre.

Herøy kyrkje - eit samfunn i sorg
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Kriseteamet i Herøy vil vere tilgjengeleg for alle som treng det i heile dag, seier medlem i teamet og kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

- Skulane i Herøy har starta dagen med å informere elevane om det som er skjedd. Både i dag og i dagane framover skal vi vere til stades for dei som treng oss. Vi kan både komme på besøk og snakke med folk i telefonen, seier Aasen.

Dei som treng nokon å snakke med, kan ringje til servicetorget i Herøy kommune, dei formidlar kontakt.

Fredag ettermiddag klokka 14 skal det også vere ei open samling i Herøy kyrkje for pårørande, venner og kollegaer til dei som var om bord i Bourbon Dolphin.