Hopp til innhold

Eit halvt sekund frå superfinalen i Klassequizen

Haramsøy var så nær, så nær. Mot slutten sto det mellom Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag om kven som skulle gå til superfinalen. Då gjaldt det å få fort på plass siste brikka i puslespelet.

Haramsøy Klassequizen 2017

Benedikte Kjerstad, Peter Milic og Håkon Farstad Brekke representerte Haramsøy skule og Møre og Romsdal i Klassequizen 2017.

Foto: Henriette Mordt / NRK

Det blei altså fotofinish om kven som skulle gå til superfinalen. Og Sør-Trøndelag var ei hårsbreidd før Møre og Romsdal.

– Vi hadde lik poengsum med Sør-Trøndelag, og det heile skulle avgjerast ved at vi to laga skulle legge eit puslespel. Vi klarte å legge puslespelet, men vi var litt for seine med siste brikka. Så vi var berre eit halvt sekund frå plass i superfinalen, fortel Benedikte Kjerstad til NRK Møre og Romsdal etter finalen.

Landets beste 10.klassinger møtes til kunnskapskonkurranse. Etter innledende runder i alle landets fylker, er nå 19 lag klare for finale i Oslo. To semifinaler leder opp mot finalen. Ungdommene imponerer med kunnskapene sine og slagordet for Klassequizen passer godt. "Vi kan mer enn du tror!" Lagene skal igjennom en rekke kategorier om mange ulike tema før vi kan kåre en vinner. (3:3)

Her kan du sjå heile finalen i Klassequizen 2017.

Benedikte Kjerstad representerte Haramsøy skule og Møre og Romsdal saman med Petar Milic og Håkon Farstad Brekke. Og etter å ha kome så langt er dei både litt skuffa men også veldig stolte over innsatsen.

– Vi kan jo ikkje bli bitre over at vi ikkje vann. Men litt skuffa blei vi. Vi hadde kome så langt, og det var berre eit halvt sekund som skilte oss frå superfinalen. Men vi er strålande fornøgde. For det er no eigentleg heilt utruleg, seier ei glad Benedikte Kjerstad.

Haramsøy skule i Holmenkollen

Det er sosialt å vere med i Klassequizen. Her er laget frå Haramsøy på tur i Holmenkollen i samband med innspelinga av semifinalane og finalen.

Foto: Petar Milic

For Haramsøy har Klassequizen vore ei ganske langvarig reise som starta tidleg denne vintere. Og dei har svart riktig på dei aller, aller fleste spørsmåla i Klassequizen. Dei var den nest siste skulen i dei innleiande rundane og var på lufta første gangen 8. mars i år.

Og skulen har vore gjennom fleire utslagningar på vegen. Alt i dei innleiande rundane hamna dei på same poengsum som fire andre lag. I fylkesfinalen måtte dei ut i ekstrarundar for å slå ut Rindal. I semifinalen sist laurdag var Haramsøy ganske så suverene og låg i toppen heile tida. Og denne gongen, i finalen, var dei millimeter unna ein plass i den aller ypparste delen av finalen.

– Vi er sjølvsagt svært fornøgde med det vi har vore med på. Det var artig, og det er noko vi har med oss vidare i livet. Det har liksom ikkje berre vore oss og skulen. Det verkar som om dette har vore noko som heile lokalsamfunnet her har vore opptekne av, fortel Benedikte Kjerstad.

– Vil du anbefale andre om å vere med på Klassequizen også?

– Ja, eg anbefaler alle 10. klasser om å melde seg på. Det er nesten rart at det finst 10. klasser som ikkje melder seg på. Vi fekk våre «five seconds of fame», det var artig, lærerikt, folk har vore stolte av oss og vi har fått gratulasjonar. Dette har vore berre artig, seier Benedikte Kjerstad.

Landets beste 10.klassinger møtes til kunnskapskonkurranse. Etter innledende runder i alle landets fylker, er nå 19 lag klare for finale i Oslo. To semifinaler leder opp mot finalen. Ungdommene imponerer med kunnskapene sine og slagordet for Klassequizen passer godt. "Vi kan mer enn du tror!" Lagene skal igjennom en rekke kategorier om mange ulike tema før vi kan kåre en vinner 27. mai. (2:3)

Dette er semifinalen, der Haramsøy var ganske suverene.

2017, fylkesfinale i Møre og Romsdal

Dette er den spennande fylkesfinalen, med Haramsøy og Rindal skule.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL