NRK Meny
Normal

Førarkortbeslag etter frontkollisjon på Ørskogfjellet

Vegen er opna for trafikk etter at ein bil kolliderte med lastebil i motgåande køyrefelt på Ørskogfjellet. Ingen er skadde i ulykka.

Ulykke Ørskogfjellet

Tre køyretøy var involvert i ulykka på Ørskogfjellet

Foto: Kjell Petter Valgermo

Ein personbil kryssa motgåande køyrefelt og kolliderte med ein lastebil i 16-tida, melder politiet. Bilen skal vidare ha kollidert i ein annan møtegåande bil. Det er tre køyretøy involvert i ulykka.

Ulykke Ørskogfjellet

To personar er frakta til legevakt etter kollisjon.

Foto: Kjell Petter Valgermo

Passasjer og førar på den første bilen er frakta til legevakta på Sjøholt. Ingen personar er skadde i ulykka, men politiet har beslaglagt eit førarkort, opplyser politiet.

Naudetatane er på staden, men eine feltet er igjen opna for trafikk.

Ingen er fastklemde og alle skal vere ute, opplyser 110-sentralen til NRK Møre og Romsdal.

Brannvesen og politi ryddar staden og ventar på tauebilar. Dei eine feltet er opna og trafikken blir dirigert.

Kø på Ørskogfjellet

Lange køar på Ørskogfjellet torsdag ettermiddag.

Foto: Kjell Petter Valgermo

NRK Møre og Romsdal oppdaterer saka.