Eit containerskip skal ha mista styringa og gått på grunne i fjøresteinane ved Laupsneset i Vartdalsfjorden ved femtida i ettermiddag, det melde Sunnmørsposten.
– Vi fekk melding om at skipet hadde styringsproblem, og har køyrd på grunne, seier Erik Williassen i Hovudredningssentralen Sør.
Litt etter klokka åtte vart skipet taua vekk av slepebåten Polar Rex.
– Dei måtte vente på tauinga til det vart flo sjø, seier Tor Andre Gram Franck, i politiet.
Skipet fekk minimalt med skadar då den trefte land onsdag ettermiddag.
– Det skal ikkje vere nokon personskadar i samband med hendinga. Det har kommen noko skader på skipet, men skipet tek ikkje inn vatn, seier han.
SKIPET: her ser ein tydeleg at skipet har treft land.
Foto: Sandsøy ServicebåtSkipet heiter Concordia, og skal vere eit lasteskip frå Liberia. Skipet vart liggande i tre timar, før dei fekk slept det vekk med slepebåt.
Hovudredningssentralen seier dei hadde kontroll på situasjonen, og at det var lite dramatikk i forbindelse med grunnstøytinga.
KART: Skipet har gått på land ved Laupsneset i Vartdalsfjorden.
Hovudredningssentralen kunne foreløpig ikkje seie noko om årsaka til ulykka, og politiet opplyser at dei vil starte etterforsking for å undersøke kva som har skjedd.