Hopp til innhold

Eit 230 år gamal tuntre blir truleg ofra for flyplasstrafikk

Ei 230 år gamal blodbøk i Molde blir truleg felt for å hindre at flyplassen på Årø misser godkjenninga og i verste fall kan bli stengd. Naboane klagar, men fekk ikkje gehør hos politikarane tysdag.

Blodbøka på Indre Årø Gård
Foto: Gunnar Sandvik

Den 230 år gamle blodbøka i Molde har overlevd både første og andre verdskrigen, men må truleg gje tapt for nye europeiske sikkerheitskrav . Avinor vil ha vekk det gamle treet på Indre Årø Gård, men naboane protesterer.

– Vi kjem til å kjempe til "the bitter end", det skal ikkje bli enkelt for dei, seier Cecilie Krohn Johansen og broren Wollert Dankert Krohn.

Tysdag kveld bestemte politikarane i plan- og utviklingsutvalet i Molde, mot ei røyst, å gje Avinor medhald i kravet om at treet må bort.

18 meter høgt

Wollert Dankert Krohn og Cecilie Krohn Johansen ved blodbøka

Syskenparet Cecilie Krohn Johansen og Wollert Dankert Krohn i Molde kjempar for det 230 år gamle tuntreet sitt.

Foto: Gunnar Sandvik

Syskenparet vaks opp på Indre Årø Gård i Molde, og seier treet har stått der alltid. Allereie i 1785 blei bøka truleg planta, og har etterkvart vekse seg til eit kjempetre på 18 meters høgde. Ifølgje eigarane er omkrinsen berre på krona 25 meter, stammen over fem meter i omkrins.

- Treet betyr uendeleg mykje for oss. Det har stått så lenge som flyplassen har vore her, men først dei siste tre-fire åra har det blitt noko problem, seier dei.

Trua med stenging

Avinor ba tysdag politikarane i Molde om å bestemme at treet skal vekk, for å sikre tryggleiken ved flyplassen. I brevet til kommunen skriv Avinor at dersom treet ikkje forsvinn, vil dette innebere avgrensingar på flytrafikken, i verste fall stenging. Bakgrunnen er krav frå Luftfartstilsynet.

Vi har fått skjerpa krav i forhold til hinder på sida av lufthamna. Det veit vi går direkte utover tryggleiken, og det tek vi svært alvorleg, seier Avinor-sjefen i Molde, John Offenberg.

- Men er eit tre som står så langt unna ein risiko?

- Alle hinder som står i sideplanet er i utgangspunktet risikofylt. Vi må huske at vi opererer med heilt andre tryggleiksmarginar enn i andre transportformer. Difor har vi også så få ulykker, seier Offenberg.

Fylkeskonservatoren frårår felling

Fylkeskonservatoren frårår på det sterkaste at blodbøken blir felt. Hovudhuset på Indre Årø Gård blei freda i 1923, men ikkje blodbøken. Fylkeskonservatoren skriv i uttalen til politikarane at det garantert ville vore gjort annleis, dersom fredingsvedtaket blei gjort no. Han meiner treet er viktig, i eit historisk og miljømessig perspektiv, og at det også skjermar naboane mot flyplassen.

Departementet avgjer saka

Syskenparet fortel at dei har hatt mykje moro i treet som har overlevd både 1800- og 1900-talet. Dei har klaga til Luftfartstilsynet, og saka er no til behandling hos Samferdselsdepartementet. Men dei vedgår at det ikkje virkar lett å nå fram.

– Dette er Davids kamp mot Goliat, men vi gir ikkje så lett opp, seier Cecilie Krohn Johansen og Wollert Dankert Krohn.