NRK Meny

Eiravatn til polet

Eira naturleg mineralvatn blir introdusert på Vinmonopolet. Vin og vatn høyrer naturleg saman, og dette er dessutan i samband med ei større satsing på alkoholfrie produkt frå Vinmonopolet, seier produktsjef Ann Kristin H. Bakkeng. Eiravatnet blir tappa frå Syltebøkilden i Eresfjord i Nesset. Eirawater AS er spente på responsen frå Vinmonopol-kundane.

Eiravatn
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK