Hopp til innhold

Eiravatn produserer til ny rekord

Hos den vesle produsenten av flaskevatn, Eiravatn, i Nesset, går produksjonen som aldri før. Flaskevatnet er så etterspurt at bedrifta no truleg kjem til å setje ny omsetningsrekord.

Hos den vesle produsenten av flaskevatn, Eirawater, i Nesset, går produksjonen som aldri før. Flaskervatnet er så etterspurt at bedrifta truleg kjem til å setje ny omsetningrekord i år.

NY REKORD: Så mange vil ha Eiravatnet at bedrifta no tappar opp til 15 000 flasker dagen.

Grete Morewood

SUKSESS: Eiravatn har stor suksess, og mykje av grunnen er at hotella har tatt Eiravatnet inn i varmen, seier dagleg leiar Grete Morewood.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det har kome inn i eit godt miljø, i kokkemiljøet, og det er det som har gitt oss den suksessen me har i dag, seier dagleg leiar Grete Morewood i Eira.

Bedrifta Eiravatn kom så smått i gang i 2007, men først siste tre åra har det losna for alvor.

No er lageret i Eresfjord stappfullt, og det trengst, for her blir det køyrt vatn ut til kundar over heile landet. Den suksessen har dei jobba for.

– Det er ein lang jobb som har blitt gjort på førehand. Det har vore personar som går frå dør til dør, og komme seg inn på den måten, seier Morewood.

Ny rekord

Naturgitte forhold i Eresfjorden med morenar og mykje kvarts i grunnen, gjer vatnet er så reint at det kan tappast rett inn i produksjonslokala, og over på flasker.

Eiravatn

STORPRODUKSJON: Opp til 15 000 flasker med Eiravatn blir tappa, kvar dag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er om å gjere å produsere mest mogeleg slik at me har noko å selje. Det er det det står på, seier Anders Angvik som jobbar med tappinga.

Høg er produksjonen, for opp til 15 000 flasker blir no tappa, kvar einaste dag.

– Når produksjonen er så høg, så går det mykje etikettar, seier ein stolt Jan Arve Nilsen som jobbar på vasstapperiet.

Leverer til utlandet

Eiravatn

FEM TILSETTE: Eiravatn har no fem tilsette, men om suksessen blir større håpar leiaren i bedrifta at dei kan tilsetje fleire.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei fem tilsette må fortsette å henge i, for i år blir det ny omsetningsrekord på over 8 millionar kroner.

Det gjer at bedrifta også kastar blikket utover landegrensene.

– Me har jobba med Kina, og me har jobba med Saudi-Arabia. Danmark er vel den siste som har fått ein bestilling frå, seier Morewood.

Kan det bety fleire arbeidsplassar?

– Det håpar me på, seier Morewood.