Flyktingane blir sitjande på asylmottak til dei får ein plass å bu ute i kommunane. Marit Eide seier det er spesielt vanskelg å finne eigna bustadar til flyktningar som kjem åleine.
Satsar på familiar
- For Møre og Romsdal sin del har vi bede om at dei til saman skal busetje 230 flyktningar. Til no har kommunane funne bustad til 100. Kommunane ser ut til å satse på familiehusvere, og det skapar store vanskar for dei flyktningane som kjem åleine, seier Eide.
Når ikkje målet
Dei fleste flyktningane som treng ein plass å bu kjem frå Afghanistan, Somalia og Tetsjenia. Både Molde og Kristiansund har sagt nei til å ta i mot flyktningar i år, og det gjer arbeidet til UDI vanskelegare.
På landsbasis har UDI mål om å klare å busetje 900 flyktingar. Det målet når dei nok ikkje.
Einslege flyktningar blir sitande på asylmottak. Foto:NRK.
Kommunar seier nei
Dei fleste flyktningane som treng ein plass å bu kjem frå Afghanistan, Somalia og Tetsjenia. Både Molde og Kristiansund har sagt nei til å ta i mot flyktningar i år, og det gjer arbeidet til UDI vanskelegare. På landsbasis har UDI mål om å klare å busetje 900 flyktingar. Det målet når dei nok ikkje.
- Eg trur nok ikkje vi klarer å nå målet på 900, seier Eide til NRK Møre og Romsdal.