Einaste utan slepebåt

Vestlandet og Midt-Norge blir einaste strekning i landet som ikkje har statleg slepebåtberedskap.

Slepebåt

BEREDSKAP: Vestlandet og Midt-Norge blir einaste strekning langs norskekysten som ikkje har ein statleg slepebåt i beredskap.

Foto: Petter Vidar Vågsvær

Det meiner havnefogd i Kristiansund og Nordmøre havn at det må bli ei endring på.

- Det er betryggande å ha ein båt liggande. Vi har ein slepebåt i havna, men ein veit aldri kor tid den er ute på oppdrag, seier Jan Olav Bjerkestrand.

Beredskap

Etter det store oljeutsleppet frå skipet Full City vil regjeringa no ha ein slepebåt stasjonert på Sørlandet. I Nord-Norge finst eit slikt tilbud frå før.

- Vi har eit krevjande havstykke, spesielt Hustavika, utanfor kysten her så skjer det noko har vi ein utruleg jobb framfor oss, seier han.

Takker ikkje nei

Hamnefogd Birger Flem

JA TAKK: Sjølv om beredskapen både på slepebåt og oljevern er god i Ålesund seier havnefogd Birger Flem at i krisetilfelle blir det aldri god nok.

Foto: Øystein Windstad / NRK

- Når ein ser det som skjer i Langesund no kan ein stille spørsmålet om det ikkje er behov for det, seier havnefogd i Ålesundsregionens havnevesen Birger Flem.

Han hadde ikkje takka nei til eit slikt tilbod, men meiner beredskapen i Ålesund er god.

- Vi har god beredskap både på slepebåt og oljevern, men det er ikkje sagt at det ikkje kan bli betre.