Hopp til innhold

Einar Sæter er død

Einar Sæter døde i går, 94 år gamal. Den legendariske presse- og motstandsmannen grunnla lokalavisa Driva i 1971.

Video Krigsveteran død

I 2002 fekk Einar Sæter Kongens fortenstmedalje i gull. Dette er reportasjen NRK laga i samband med tildelinga.

Han har også vore redaktør for Aura-Avis og har skrive ei rekkje bøker.

Agent, redaktør og forfattar

Einar Sæter

Einar Sæter døde i går, 10. november, 94 år gammal.

Foto: Driva

Ei av bøkene handlar om etterretningsorganisasjonen XU, der han var agent under krigen.

Les meir om Einar Sæter her.

Einar Sæter var redaktør og disponent i nordmørsavisene Aura Avis og avisa Driva i til saman 35 år.

Han var også ein ivrig friluftsmann, og engasjert i lokalsamfunnet.

Fortenstmedalje i gull

I 2002 fekk Einar Sæter Kongens fortenstmedalje i gull.

Sæter fekk medaljen for sin innsats under krigen, og for arbeidet som redaktør, forfattar og journalist.

Det var Indre Nordmøre Forsvarsforening som nominerte Sæter til medaljen.

Medaljen vart overrekt av fylkesmann, Alv Jakob Fostervoll, måndag 21. januar 2002.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL