Hopp til innhold

– Kommunesamanslåing vil skade nynorsken

Små kommunar som brukar nynorsk vil verte skadelidande om dei vert samanslått med store bokmålskommunar.

Marit Aakre Tennø

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø meiner kommunesamanslåing vil vere skadeleg for nynorsken.

Foto: Noregs Mållag

Det meiner leiar for Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø. Ho er redd kommunesamanslåing vil føre til mindre tekst på nynorsk.

– Nynorsken er under størst press i kommunar som ligg nær byar som brukar bokmål. Dette er for eksempel tilfelle for fleire mindre kommunar i området rundt Ålesund, forklarar ein engasjert mållagsleiar.

Tennø meiner at ein må ta omsyn til språkform når ein vurderer kommunesamanslåing. Ho meiner at små kommunar som nyttar nynorsk ikkje bør slåast saman med store bokmålskommunar. Ho trur heller ikkje at små bokmålskommunar i nynorskdominerte områder vil leggje om til bokmål.

– Det er større sjanse for at kommunar med ulike målform vel å vere språknøytrale. Det er ikkje godt nytt for nynorsken. Undersøkingar viser at i slike høve vil nynorsktilfanget minke, seier Tennø.

– Kommunane finn eigne løysingar

Ordfører Jardar Jensen i Evenes

Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Jardar Jensen.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

Statssekretær Jardar Jensen, i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, seier at det nye kommunekartet ikkje skal teiknast i Oslo.

– Eg har tru på at kommunane sjølv finn gode løysingar på språkutfordringane når dei gjennomfører dei lokale prosessane, seier Jensen.

Han meiner at det er vanskeleg å vite sikkert kva følgjer kommunesamanslåinga vil ha for nynorsken fordi det er kommunane sjølve som vil avgjere si eiga målform.

– Målform vil kunna vera eit av mange spørsmål som blir diskutert lokalt og regionalt. Det er først og fremst der slike debattar bør førast, seier han.

– Blikket må rettast framover

Kommunal og moderniseringsdepartementet ser ikkje spesielt på tidlegare kommunesamanslåingar når det gjeld konsekvensar for nynorskbrukarar.

– I kva grad ser de på følgjene for nynorskbrukarar ved kommunesamanslåing jamført med tidlegare kommunesamanslåingar?

– Blikket må no rettast framover. I språkmeldinga, som den førre regjeringa la fram i 2008, vart det varsla ein gjennomgang av gjeldande språklovgjeving, mellom anna med tanke på framtidige endringar i kommunestrukturen.

Jensen seier at dette spørsmålet høyrer inn under Kulturdepartementet, og at det vil difor vere naturleg for dei å halde kontakt med Kulturdepartementet om dette.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL