Hopp til innhold

Ein tilsett ved Giske omsorgssenter er bekrefta smitta

Ein tilsett ved Giske omsorgssenter på Sunnmøre har fått påvist koronasmitte med hurtigtest. Alle brukarane ved ei avdeling er sett i karantene.

Giske omsorgssenter

Kommuneoverlegen ber pårørande ikkje kome på besøk til Giske omsorgssenter dei næraste dagane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er kjent smitteveg og personen er ikkje smitta på arbeidsplassen.

Det blir no gjort ei grundig kartlegging av nærkontaktar. Alle nærkontaktane får direkte beskjed og blir sett i karantene. Husstandsmedlemmane til nærkontaktar får ventekarantene som gjeld fram til nærkontakten har testa negativt, opplyser kommunen.

Alle brukarar ved ei avdeling ved omsorgssenteret blir testa og er sett i karantene.

– No jobbar vi med kartlegging av nærkontaktar og få sett dei som kan ha blitt smitta i karantene. Foreløpig er det usikkert om viruset kan ha spreidd seg vidare, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.

– Unngå besøk

Ho ber folk ikkje kome på besøk til omsorgssenteret.

– Brukarane på den avdelinga som er aktuell er sett i kantane, så dei skal ikkje ta i mot besøk. Vi er redde for kor lett viruset spreier seg, det er jo sannsynlegvis mutert, så vi vil at folk ikkje kjem på besøk dei næraste dagane til vi få meir kontroll situasjonen, seier Sommerdalen.

– Er det ein uoversiktleg situasjon?

– Vi har oversikt over kven som har vore i kontakt med den tilsette, men vi veit jo ikkje om det har spreidd seg enno, så vi har så god kontroll som vi kan ha.

Dei tre nabokommunane Giske, Ålesund og Sula innførte søndag strengare tiltak med mellom anna skjenkestopp, heimekontor og nedstenging av treningssenter.

Giske omsorgssenter

VAKSINERT: Kommuneoverlegen i Giske seier at ein del tilsette og brukarar ved omsorgssenteret har fått vaksine.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fleire er vaksinerte

Sommerdalen legg til at ein del tilsette og brukarane har heldigvis fått koronavaksine, så dei håper at ved hjelp av forsterka TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene) og effekt av vaksinen vil hindre vidare spreiing av viruset.

Ei eldre kvinne døydde på Giske omsorgssenter 1. april i 2020, og det var det fyrste koronadødsfallet i Møre og Romsdal. To dagar seinare døyde ei eldre kvinne av koronaviruset i Giske, og dette var det andre korona-dødsfallet ved Giske omsorgssenter, og det andre dødsfallet i Møre og Romsdal.