Hopp til innhold

Éin til sjukehus etter ulykke

Tre bilar med ein person i kvar bil var involvert i trafikkulykka i Velledalen i Sykkylven. Ein bil blei påkøyrd bakfrå då han stoppa opp. Bilen som køyrde inn i den hamna så over i motgåande køyrefelt der den kolliderte med ein bil som kom i mot. Dei tre involverte skal vere i slutten av tenåra, i 40-åra og i 70-åra. – Ein mann i slutten av tenåra er frakta til sjukehus med ambulanse. Skadeomfang er så langt ukjent, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i politiet.

Trafikkulykke Velledalen