NRK Meny
Normal

Grunnlovsfeiring med ein smakebit av 1814

Sykkylven vidaregåande skule kunne i dag invitere til ei tettpakka grunnlovsfeiring med ein ekstra smakebit frå matfaglinja på Stranda vidaregåande skule.

Festmat fra 1814

Ein autentisk meny frå 1814 blei servert.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Ragnhild Tollaas og Øyvind Grut

Ragnhild Tollaas og Øyvind Grut er lærerar ved Sykkylven vidaregåande skule.

Foto: Silje Steinness Bjerknes / NRK

– Det er spesielt viktig å markere grunnlova i år ettersom det er 200 år sidan grunnlova blei skrive under på. Det er viktig at elevane veit kva den har betydd for landet, seier Øyvind Gryt, lærar ved Sykkylven vidaregåande skule.

Kledd i bunad eller finstas inviterte Sykkylven vidaregåande skule til ei festframsyning for å feire Grunnlovsjubileet.

– Det var viktig at elevane pynta seg. På den måten visar vi grunnlova den respekten den fortener, seier kollega Ragnhild Tollaas.

Meny frå 1814

På skulen kunne dei by på kulturelle innslag og historiske føredrag. Og for å toppe det heile kunne elevane nyte ein autentisk meny frå 1814. Den var det elevane ved matfaglinja på Stranda vidaregåande skule som stod for.

Odd Høiås

Odd Høiås er faglærar ved Stranda vidaregåande skule.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Det som står på bordet i dag det er mat som har sitt opphav frå 1814, som blir servert på 2014 vis, seier Odd Høiås, faglærar ved matfaglinja på Stranda vidaregåande skule.

Elevane fekk smake på ein variert meny, inspirert av 1814, og skulle representere mat frå den tida, laga på same måte som den gong då.

– Det har vore veldig spennande, og ei god erfaring for oss å jobbe med dette prosjektet, så vi takkar Sykkylven for at dei inviterte oss, seier Høiås.

– Det er 16. mai grunnlaget blei lagt for grunnlova. Og sjølv om den ikkje blei skrive under på før 17. mai så var det på denne dagen at grunnlova blei stadfesta, held han fram.

Lærerik prosess

Ole Martin Wågbø

Ole Martin Wågbø var ein av elevane som hadde laga maten.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Det låg mykje arbeid og planlegging bak menyen som blei presentert i dag. Ole Martin Wågbø var ein av elevane som hadde laga maten.

– Vi har laga all maten frå botnen av, slik som dei gjorde det i 1814. Og så har vi konservert det på den måten som dei gjorde i 1814, og nytta dei tradisjonane som dei nytta då, seier Wågbø.

Han hadde lært mykje i løp av prosjektet.

– Det har vore veldig lærerikt og interessant å lære korleis dei laga maten før i tida, held han fram.

Flott arrangement

mat fra 1814

Maten gjekk unna.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Ordførar i Sykkylven Petter Lyshol var imponert over elevane.

– Skulen har arrangert ei verdig grunnlovsfeiring, og eg blei mektig imponert, seier Lyshol.

– Eg tykkjer det var veldig smart å servere ein 1814 meny. Det har vore ei veldig god matoppleving. No har eg smakt på surlaks og suppa, og alt var veldig velsmakande, held han fram.

Ordføraren hadde store forventningar til menyen, og blei ikkje skuffa.

Erik Sandal, Amalie Fausa og Stine Ulla.

Erik Sandal Amalie Fausa og Stine Ulla var spente på menyen.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK
Mat fra 1814

Det som stod på bordet i dag var mat som har sitt opphav frå 1814, og som blei servert på 2014 vis.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK
1814-mat

Eit bugnande festbord.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Eg kom frå Oslo i går der eg var på slottet og fekk middag, så eg var spent på det eg skulle få smake her i dag. Det var veldig kjekt å kome heim å sjå at ein kan få til noko på dette nivået også her heime, seier Lyshol.

Gledde seg til å smake

Elevane Stine Ulla, Amalie Fausa og Erik Sandal synast grunnlovsfeiringa var lærerikt, og gledde seg til å smake på 1814 menyen.

– Det har vore veldig interessant for oss elevane å lese om historia til Noreg. Det gjer at vi blir meir stolte av å kome frå Noreg, seier Ulla.

Medelevane var einige.

– No har eg blitt meir bevisst på kva landet vårt har gått gjennom, og kvifor landet er som det er i dag, seier Fausa.

Dei tre elevane var spente på menyen.

– Det blir veldig spennande å smake på så mange nye smakar, og oppleve kva dei åt i 1814, seier Erik Sandal.

Men dei måtte innrømme at dei også var litt spente på kva menyen kunne by på.

– Det er mykje eg ikkje har smakt før, så eg må innrømme at eg har litt blanda kjensler. Men eg skal prøve, og eg skal ete, men eg er spent, seier Ulla.

– Det er absolutt ikkje den type mat eg er vand med, men det blir gøy å smake, seier Fausa.

For å lese meir om oppskriftene og 1814 menyen som matfaglinja ved Stranda vidaregåande skule presenterte i dag, kan du lese her