Hopp til innhold

Ein regnfull haust må til for at Mannen skal rase

Den største faren for ras frå det utsette fjellpartiet i Mannen i Romsdalen er førebels over. NVE nedgraderte i morgontimane farenivået frå raudt til gult.

Blå himmel over Mannen

Blå himmel over Mannen gjer at rasfaren har blitt mindre.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det er stadig minkande nedbør og stadig minkande rørsle i fjellet som gjer at NVE nedgraderte rasfaren.

Tidlegare i veka var det til dels stor aktivitet i fjellet, men grå i går ettermiddag har dette gradvis avtatt. I øvre del er farta no nede i ein centimeter per døgn. I nedre del er rørslene framleis små, og heilt nede i omlag ein millimeter per døgn.

Fint ver i ei veke

Lars Harald Blikra geolog, her ved fjeller Mannen

Mykje regn må til for at Mannen skal rase, fortel geolog Lars Harald Blikra.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Ei betring i versituasjonen er hovudårsaka til nedjusteringa, fortel geolog Lars Harald Blikra.

For no er det opphald i Romsdalen og ikkje minst tyder vervarselet på at det bllir lite eller ingen nedbør til over neste helg.

– Men faren er ikkje over for 2016, for vi har sett tidlegare at fjellet er vel så ustabilt seinare på hausten. Men vi må få store nedbørsperiodar før frosten kjem for at det skal rase, seier Blikra.​

Håpte på ein slutt

Og det er ein regnfull haust ordførar Lars Olav Hustad håpar på.

Lars Olav Hustad

Ordførar Lars Olav Hustad håpar på ein regnfull haust.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

– Vi hadde nok alle håpa at historia om Mannen snart var slutt, men slik gjekk det ikkje denne gongen. No er det litt spesielt i år, samanlikna med 2014 og 2015. For då var det størst rasfare i slutten av september og byrjinga av oktrober. Så vi kan fort få slike situasjonar igjen utover hausten.

Det einaste ordføraren kan gle seg over er at dei 11 evakuerte kan få flytte heim igjen.

Det kan dei gjere no, etter at politiet i ti-tida oppheva alle restriksjonar i området. I tillegg til at dei evakuerte kan kome heim, inneber det også at ferdselsforbodet er oppheva. Gods og persontrafikken kan dermed gå som normalt igjen på Raumabanen.

Sivilforsvaret har hatt overvakingsoppgåve ved Mannen, men dei pakkar no saman og forlet staden.

Det rasutsette området er ein del av det fjellpartiet Mannen, og ligg 1100 til 1200 meter over havet. Det har eit volum på mellom 120 000 og 180 000 kubikkmeter.

Sivilforsvaret forlet Mannen

Etter å hatt lyttepost og overvaka det rasutsette området pakkar sivilforsvaret saman søndag formiddag.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL