NRK Meny

Ein person skadd

Fleire bilar var involverte i ei trafikkulykke på fylkesveg 64 på Visnes i Eide før klokka 11. Nødedetatane rykte ut til staden, og ein person blei skadd, melder rbnett. I samband med vegarbeid stod to bilar og venta på grønt lys, då ein tredje bil køyrde inn i dei bakfrå. Vegen var mellombels stengt. Frå fleire stader i fylket har det blitt meldt om glatte vegar i dag.