Ein person sikta for babyvald

Saudi-Arabisk politi har sikta ein person i heimlandet i samband med den grove valdsvideoen som har sirkulert i ungdomsmiljøet i Ålesund den siste tida. Det opplyser kommunikasjonsrådgjevar Jonas Fabritius Christoffersen i Kripos. Leiinga ved Blindheim ungdomsskole slo alarm då fleire elevar fekk tilsendt ein video med grov vald mot ein baby. Christoffersen seier dei blei tipsa om videoen før jul og sette i gang undersøkingar mellom anna for å kartlegge om nordmenn var involvert.