Hopp til innhold

Éin person omkom i trafikkulukke

Ein fotgjengar miste livet i ei trafikkulukke på fylkesveg 655 på Brautaset i Ørsta torsdag morgon.

Trafikkulukke Brautaset

Ulukka skjedde på fylkesveg 655 i Ørsta.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Politiet melder at det er ein vaksen mann som miste livet. Luftambulanse kom til staden og det blei gjort forsøk på å redde livet til mannen. Etter ei stund konkluderte helsepersonellet med at dette ikkje lukkast og det blei fastslått at mannen var død.

– Han er stadfesta omkomen på ulukkesstaden, opplyser operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Laster Twitter-innhold

Ulukka skjedde like før klokka halv åtte torsdag morgon. Statens vegvesen er også til stades med gruppa som granskar trafikkulukker. Politiet skal avhøyre dei som var på staden for å finne ut kva som skjedde.

– Vi har nokolunde formeining om kva som har skjedd, operasjonsleiaren.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL