NRK Meny
Normal

Ein person omkom i bilbrann i Ålesund

Ein person omkom i ein bilbrann i Ålesund onsdag morgon.

Bilen som brann på Skansekaia

I føremiddag blei den utbrende bilen frakta vekk frå Skansekaia.

Foto: Frode Berg / NRK

Brannen på Skansekaia i Ålesund sentrum blei meldt i 7.30-tida, og alle naudetatane rykte ut.

Bilbrann Ålesund

Politiet gjennomfører åstadundersøkingar på staden.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Då var det uklart om det var nokon i bilen, men under sløkkearbeidet oppdaga brannvesenet at det var ein person i bilen. Etter ei tid stadfesta politiet at ein person omkom i brannen.

Området ved tinghuset blei sperra, og varmen på staden gjorde at fleire vindauge på tinghuset sprakk. I området var det også mykje røyk.

Mellom klokka 08.00 og 08.30 blei det meldt at brannen var sløkt.

Kameraovervaking på staden

Innsatsleiar Jørgen Molnes

Jørgen Molnes var innsatsleiar for politiet.

Foto: Berge Myrene / NRK

Bilen som brann stod parkert inn til veggen til tinghuset, men politiet seier det er for tidleg å seie noko om brannårsaka. Bilen var totalt utbrent.

– No blir det gjort kriminaltekniske undersøkingar, med både taktisk og teknisk etterforsking, seier Jørgen Molnes, innsatsleiar i politiet.

Det skal vere kameraovervaking på staden, og desse opptaka blir sjølvsagt gjennomgått med tanke på å sjå om dei kan vise kva som skjedde.

– I tillegg blir det gjort åstadgransking og tatt vitneavhøyr, seier Molnes.

Onsdag ettermiddag seier påtalejurist Yngve Skovly at det ikkje er grunn til å tru noko anna enn at det er ei personleg tragedie som ligg til grunn for hendinga.

Trass i brannen blir Sunnmøre tingrett open som vanleg, men med eigen inngang frå austsida.

Bilbrann på Skansekaia

Bilbrannen i Ålesund blei meldt i 07.30-tida.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK