Hopp til innhold

Tilstanden kritisk for ung gut etter badeulykke i Volda

Tilstanden er kritisk og ustabil for guten som var involvert i ei badeulykka i Volda onsdag ettermiddag. Han er flogen til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Ulykke i Volda

Ein ung gut er henta opp frå Rotevatnet på Sunnmøre onsdag ettermiddag. Han blir no flogen frå staden.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Tenåringsguten skal ha vore på veg ut til ein badeflåte saman med fleire då ulykka skjedde.

Guten skal ha hamna under vatn, og det er uvisst kor lenge det gjekk før han kom til land.

Ulykka skal ha skjedd rundt klokka 16.30, og guten skal ha vore saman med familien sin.

– Tilstanden er kritisk og ustabil, seier Erik Dyb ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt torsdag morgon.

Ber folk snakke med borna sine

Rotevatnet er ein populær badeplass om sommaren, og på Sunnmøre var det over 25 grader onsdag. Mykje folk var samla på badeplassen Årneset då badeulykka skjedde.

No ber kommuneleiinga foreldre om å snakke med borna sine.

– Det var mange born og ungdom til stades og mange er berørt av hendinga. Vi oppmodar foreldre eller andre føresette om å vere saman med sine og gje anledning til at dei kan snakke om korleis dei har opplevd dette, skriv kommuneleiinga i ei pressemelding onsdag kveld.

Ulykke ved Rotevatnet

Det er mange til stades for å bade ved Rotevatn på Sunnmøre onsdag.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Store styrkar rykte ut

Det blei slått full alarm onsdag ettermiddag og fleire ambulansar, ei rekkje politibilar og brannbilar rykte ut.

Eg rykte etter melding om drukning. Då eg kom fram var det ein kaotisk skadestad. Det var mykje roping, fortel innsatsleiar Jørn Halse frå Volda brann og redning til lokalavisa Møre-Nytt.

Ifølgje avisa skal det vere den tredje alvorlege badeulykka på same stad på få år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL