NRK Meny
Normal

Ein person sakna etter båtulykke - funnen død

Ein person blei meldt sakna etter ei båtulykke ved Ålesund. Like før klokka 11 stadfestar Hovudredningssentralen at vedkomande er funnen livlaus i sjøen, og politiet stadfestar at personen er død.

Redningshelikopter

Eit helikopter deltek i søket etter ein sakna person i fjorden utanfor Ålesund.

Foto: Tipsar

Klokka 08.30 blei det meldt om ein båt som gjekk i ring i Hessafjorden ved Ålesund. Der hadde båten sett seg fast i eit teinetau.

Utsikt mot Tyskholmen

To personar blei berga frå Tyskholmen utanfor Volsdalsberga i Ålesund.

Foto: Frode Berg / NRK

Like etter kom meldinga om ein person som stod på Tyskholmen i Borgundfjorden og ropte om hjelp. Vedkomande og ein person til blei plukka opp derifrå av ein privatperson litt før klokka 09. Då skal dei ha stått på holmen sidan 01-tida i natt, då det skal ha skjedd ei ulykke.

Men det var ein tredje person om bord, og vedkomande blei meldt sakna. Det blei søndag føremiddag leita med både helikopter og båtar frå Redningsselskapet, Kystverket og brannvesenet . Søket var konsentrert om området ved Tyskholmen der ulykka skal ha skjedd. Dykkarar frå brannvesenet var og med.

Like før klokka 11 blei det altså stadfesta at ein person var funnen livlaus i sjøen litt tidlegare søndag morgon, og noko seinare stadfestar politiet at personen er død.

Uvisst kva som skjedde

Kva som nøyaktig hende i natt kan vakthavande redningsleiar Owe Frøland ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge førebels ikkje seie noko sikkert om. Men båten dei tre sat i skal ha skadar og tar inn vatn. Når den fekk desse skadane er førebels ikkje klart. Båten blir slept til land av ei redningsskøyte, for å hindre at den går ned.

Det var ikkje fleire enn dei tre involverte og helsepersonell har tatt seg av dei to som blei tatt på land. HRS kan førebels ikkje opplyse noko om alder eller kjønn på dei tre som var i båten.

Heller ikkje operasjonsleiar Kenneth Sætre i politiet ønskjer førebels å seie noko meir om dei tre som var i båten, men stadfestar at ein person er funnen død.

– Politiet konsentrerer seg no om å varsle pårørande og elles hente inn vitneforklaringar for å prøve å få klarlagt kva som skjedde på fjorden i natt.