Politiet i Møre og Romsdal melde om ulykka rundt 13.30 torsdag.
Ifølge politiet skal ulykka ha skjedd i samband med ein heisoperasjon.
– Det vi veit er det har vore ein løfteoperasjon på ei mobilkran som står på ei kai på verftet. Ein gjenstand har falt ned og skal ha treft vedkomande. Det resulterte i at han omkom på staden, seier Jens Dahl, operasjonsleiar i politiet.
Politiet blei varsla om hendinga 11.30. Den omkomne skal vere ein mann i 60-åra frå Sunnmøre. Pårørande er varsla.
– Var godt likt av alle
Green Yard Kleven skriv i ei pressemelding at det er ein mørk dag for alle i bedrifta.
Hans Jørgen Fedog seier dei alle er i sjokk etter ulykka.
Foto: Arne Flatin / NRK– Våre tankar går først og fremst til dei pårørande som har mista eit kjært familiemedlem, seier dagleg leiar Hans Jørgen Fedog.
– Vi har mista ein kollega som var godt likt av alle og eg vil rose våre tilsette for måten dei har teke vare på kvarandre etter ulykka. Vi er alle i sjokk og sorg og vi vil no prioritere å hjelpe våre tilsette, seier Fedog.
Skal etterforske saka
Politiet veit så langt ikkje kva som er årsaka til ulykka og kva som nøyaktig har skjedd. Det vil vidare etterforsking seie noko om, fortel Dahl.
Ingen andre blei skadd i hendinga.
Kriminalteknikarar jobbar no vidare på staden. Det skal ha vore vitne til hendinga og politiet er i gang med å ta avhøyr.
Ulykka skjedde ved Green Yard Kleven i Ulstein på Sunnmøre.
Foto: Arne Flatin / NRKArbeidstilsynet er varsla
Arbeidet i området der ulykka skjedde er stoppa medan undersøkingane føregår.
Også Arbeidstilsynet er varsla om ulykka. Dei opplyser til NRK at dei skal gjennomføre ei synfaring på staden fredag.
Green Yard Kleven skriv i pressemeldinga at dei held tett dialog med politiet og Arbeidstilsynet for å bidra til å få best mogleg oversikt over kva som har skjedd.
Kriseleiinga kopla på
Knut Erik Engh, ordførar og leiar i kriseleiinga i kommunen, seier omsorgsberedskapsgruppa deira blei sett i sving omgåande etter at dei blei varsla.
– Verftet har også bede om oppfølging av nokre av dei tilsette og den hjelpa blir no tilbydd, seier Engh.
ULYKKE: Ein person omkom i ei arbeidsulykke ved Kleven verft på Sunnmøre.