Frå jordbærbygda Valldal til stupbratte fjellsider i Rauma går fylkesveg 63. Strekninga, som leiar fram til Trollstigen, er ein av dei mest populære turistvegane i landet. I 2019 var det over 1,1 million besøkande her.
Øydelagt av uver
No er området utan mobildekning. Uveret i slutten av april øydela Telia sin basestasjon ved Trollstigen. Basestasjonen er verdas første berekraftige basestasjon og blir driven av sol, vind og hydrogen.
– Fleire av solcellene har falle ned. I tillegg har lynnedslag ført til store skadar på utstyret, forklarar Daniel Barhom, informasjonssjef i Telia.
Telia sin basestasjon i Reinheimen nasjonalpark dekker områda Trollstigheimen, Slettvikane, Meiadalen og Langfjelldalen. Her er det ikkje mobildekning før basestasjonen er reparert.
Foto: Telia3000 køyretøy i døgnet
Telia er den einaste operatøren med mobildekning langs strekninga. I turistsesongen er det stappfull av biler, turistbussar og campingvogner her. I løpet av eit døgn køyrer om lag 3000 køyretøy den elleve kilometer lange vegen.
Det er ikkje uvanleg å møte syklistar og sau i vegbana, og det har skjedd fleire ulykker. I 2016 køyrde ein buss av vegen og ein person døde.
Ikkje mogleg å ringe naudetatane
Om det skulle skje ei ulykke no, vil ikkje folk kunne ringe naudetatane. Avdelingsleiaren ved 110-sentralen i Møre og Romsdal fryktar det kan føre til ein alvorleg situasjon.
– På ein så trafikkert veg er det risiko for at noko kan skje. Jo fleire folk, jo større er sjansen, seier Kjetil Vikås som meiner at det hastar å få basestasjonen tilbake i drift.
Fylkesveg 63 leiar til Trollstigen, ein av dei mest populære turistattraksjonane i Noreg.
Foto: Marianne Løvland / NTB scanpixVentar på reservedelar
Ifølge Barhom i Telia er det krevjande å få tak i reservedelar til basestasjonen. Dei må bestillast frå utlandet. I tillegg må dei bruke helikopter for å komme fram til basestasjonen fordi vegen er øydelagt. Basestasjonen skal etter planen bli reparert 30. juni.
– Dette har vår høgaste prioritet. Vi gjer alt vi kan for å rette feila, seier Barhom.
Daniel Barhom er informasjonssjef i Telia.
Foto: TeliaFøler seg ikkje trygg
Mette Hovden har hytte i området, og utan mobildekning føler ho seg ikkje trygg på vegen.
– Det er fort gjort at det kan skje ting. At ein då må flytte seg mange kilometer for å få dekning og få varsla naudetatane, er ikkje trygt, seier Hovden.
Ho etterlyser informasjon frå Telia om kva som skjer.
– På nettsidene og på dekningskartet ser det ut som om alt er i skjønaste orden. Dei på kundeservice seier at det ikkje er noko feil. Kvifor er ikkje informasjonen tilgjengeleg?
– Vi beklager på det sterkaste ulempene dette fører til for folk. Eg skal ta hånd om nettsida. Om nokon har fleire spørsmål om dette, kan dei ta kontakt med kundeservice, sier Barhom som vil rydde opp.
Det er ikkje mogleg å få mobildekning frå hytta til Mette Hovden.
Foto: PrivatManglar straum
Telenor, som tapte konkurransen om å få bygge ut mobilnett i området, er interessert i å tilby kundane sine dekning i framtida.
– Noko av det som hindrar oss er mangel på straum. Basestasjonen produserer ikkje nok kraft til to operatørar, seier Telenors dekningsdirektør, Bjørn Amundsen.