Hopp til innhold

Ein omkom i båtulykke

Tolv personar omkom i fritidsbåtulykker første halvår i år, viser tal frå Sjøfartsdirektoratet. Ein av desse ulykkene var i Møre og Romsdal. I ni av tilfella var den omkomne åleine då ulykka skjedde, og vaksne menn er overrepresentert blant dei omkomne. Tala er om lag uendra frå i fjor.

Fritidsbåtar
Foto: Kari Hamre / NPK