Hopp til innhold

Ein ny vår for vinylplater

Sal av vinyl stod for ei omsetning på 15 millionar kroner i Noreg i fjor, og på verdsbasis vart det selt over 30 millionar vinylplater i 2014.

Bjørn tore jeppesen - vinyl jukebox

– I dag er 90 % av det vi sel vinyl, seier Jukebox-eigar Bjørn Tore Jeppesen.

Foto: Torger Havåg / NRK

– Plateselskapa må oppsøke museum for å finne gamle vinylpresser, så stort er behovet.

Bjørn Tore Jeppesen fortel ivrig om interessa for vinyl. Han driv platebutikken Jukebox i Ålesund, og dei siste åra har han opplevd ei solid auke på eitt format: Vinylplater.

Bjørn tore jeppesen - vinyl jukebox

Alle veggane i butikken er dekte med vinylplater.

Foto: Torger Havåg / NRK

– Då vi starta denne butikken her i 2007, hadde vi berre eit lite stativ med vinyl. Etter det har det gått gradvis, og dei 2–3 siste åra har det vore spesielt godt. I dag er 90 prosent av det vi sel vinyl, seier Jeppesen.

Og endringa er tydeleg. Alle veggane er dekte med vinylplater, og det er berre eit lite stativ med cd-plater igjen.

Hovuddelen av butikken inneheld nyleg pressa vinylplater, men no til dags er det ikkje like enkelt som før å få trykt opp plater.

Sjeldan vare

Bjørn tore jeppesen - vinyl jukebox

– Brukt vinyl er veldig populært om dagen, seier Jukebox-eigar Bjørn Tore Jeppesen.

Foto: Torger Havåg / NRK

Det mange ikkje har fått med seg, er at all vinyl vert produsert i eit avgrensa opplag. Plateselskapa er veldig forsiktige på dette området, så dersom eit opplag vert selt ut, tek det tid før det kjem eit nytt.

I tillegg har butikken nyleg opna ei eiga avdeling for brukte plater.

– Brukt vinyl er veldig populært om dagen. Det er jo til dømes mange, gamle plater som berre finst på originalutgivinga, og som ikkje har vore gitt ut på nytt sidan platene først kom ut. Slike originalutgivingar er jo sjølvsagt ettertrakta hos samlarar, og det gjer at det er stadig vanskelegare å få tak i brukt vinyl, seier Jeppesen.

Og sjølv om platesalet elles er på veg ned, gjer det aukande salet av vinyl at butikkeigaren ser lyst på framtida.

– Ja, vi har tidlegare hatt butikk på Moa, og då hadde vi høge leigekostnadar. No eig vi lokalet sjølv, og det gjer det enklare økonomisk. Som forretning har vi halde det gåande i 28 år. Eg veit ikkje om det blir 28 til, men ti nye år skal i alle fall ikkje vere noko problem.

Bjørn tore jeppesen - vinyl jukebox
Foto: Torger Havåg / NRK