– Vi treng meir muskelkraft og folk som droppar treningssenteret for å kome hit å bere stein og grus i staden.
Yvonne Haagensen i Sukkertoppen Vel gler seg til den nye stien står heilt ferdig. Den vil gjere fjellet meir tilgjengeleg for folk som vil nyte utsikta mot Ålesund, øyane utafor og havet.
Og dei som vil vere med på dugnadsarbeidet, er hjarteleg velkommen.
Målet er å få stien ferdig til opninga av den nye idrettshallen på Osane i Skarbøvika. Det vil bety fleire parkeringsplassar, sanitæranlegg, vatn på flaska, og at fleire folk får moglegheit til å kome seg opp på fjellet.
– Vi gler oss voldsomt til at stien skal bli ferdig og gjere Sukkertoppen enda meir tilgjengeleg.
Les også: Trollstigen er stengd, men turistane finn andre alternativ.
Stor interesse
For det kan bety at fleire tar føtene fatt og kjem seg på tur. Dette er god folkehelse. Dess fleire turar på fjellet, dess betre blir forma. Difor er det viktig at slike turstiar blir bygde.
Men det handlar og om å ta vare på naturen. Belastinga på den gamle stien som veldig mange har brukt på veg opp til toppen, har vore stor.
Det er dugnadsarbeidet som er drivkrafta i slike prosjekt. Dugnadsgjengen meiner at folk stiller opp fordi det betyr noko for dei. Leiv Grønnevet roser også innsatsen til dei lokale bedriftene i området.
– Det har vore ein veldig stor vilje blant bedriftene til å vere med å finansiere dette. Og så har bankane pengar til samfunnsformål som vi har fått ein rikeleg del av. Totalt har vi fått inn kring fire millionar kroner, men det vil nok bli behov for meir.
Eit ekstra løft
For det skal ikkje berre bli ein sti. For Sukkertoppens Vel har planar om å gjennomføre to prosjekt som skal gi eit ekstra løft.
– Det eine er ein gapahuk som er forma som eit sniglehus. Det er Snøhetta som har teikna det. Det andre er eit utkikspunkt som vi håper å kome i gang med. Så vi må nok ut å be om meir pengar. Men det er ein fryd. Det er veldig få som takkar nei.
Ved å legge nye steinar blir det betre for folk å bruke stien. Og no har Sukkertoppens Vel begynt å telje turgåarar. Det ser lovande ut.
For nokre dagar sidan blei det sett ny dagsrekord med over 600 på ein dag.
– Den gamle stien var nesten 30–40 meter brei fordi ingen vil gå i gjørma og prøvde å gå utanom. Det blei svartare og svartare opp etter fjellsida. No kan folk følgje steinane. Og der vi har lagt ut stien, gror det seg fint til og det blir koselegare å gå, seier Olav Lillebø.