Ein million til postvegen

Riksantikvaren gir Fylkeskommunen inntil ein million kroner for å gjenopplive postvegen som går gjennom heile fylket. Målet er å bygge opp ei ferdselsåre av turløyper og andre opplevingar i lag med kommunane langs postvegen. Den Trondhjemske postveg går frå Bergen til Trondheim, gjennom Stranda, Ørskog, Vestnes, Molde, Gjemnes, Tingvoll og Surnadal. Frå 2020 går den også gjennom Volda.