Hopp til innhold

Drapet i Ålesund: – Han er veldig lei seg

Forsvararen til den 29 år gamle mannen som er sikta for drap i Ålesund, seier mannen er sterkt prega av det som har skjedd. Ein 29 år gammal mann døydde måndag ettermiddag etter ein valdsepisode på gata i Ålesund.

Drapsepisode Ålesund

DRAP: Ein mann i 20-åra døydde etter ein valdsepisode utanfor eit hotell i Ålesund sentrum måndag ettermiddag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Drapsepisode i Ålesund

Politiet lyser mellom anna under bilar og leiter fleire stadar i nærleiken av området der valdsepisoden skal ha skjedd.

Foto: Remi Sagen / NRK

Reidar Andresen forsvarar den 29 år gamle mannen som er sikta for forsettleg drap på ein annan mann. Måndag kveld sat Andresen i lange avhøyr med mannen.

– Han er svært prega av dette, og er frykteleg lei seg for det som har skjedd. Han treng tid til å kome til seg sjølv igjen, seier Andresen.

Andresen seier mannen ikkje har tatt stilling til straffskuld, men at han vedgår å ha vore involvert i ein episode som har enda med eit tragisk utfall. Mannen skal også ha forklart at det skjedde i sjølvforsvar.

Kan vere narkotikaoppgjer

Advokat Reidar Andresen

Reidar Andresen er forsvarar for 29-åringen som er sikta for drap. Han seier mannen ikkje har tatt stilling til straffskuld.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Politiet gjekk måndag ettermiddag ut og sa dei kjenner 29-åringen frå tidlegare. Andresen vil ikkje kommentere om klienten hans er tidlegare domfelt.

Han seier han har inntrykk av at dei to involverte ikkje kjende kvarandre, men møttest like før. På spørsmål om dette var eit narkotikaoppgjer, svarar han slik:

– Det er vanskeleg å karakterisere det som det eine eller det andre, men at det hadde ein samanheng med noko uoppgjort i eit miljø, er det eg kan ta ut av den førebelse forklaringa til klienten min, seier han.

Drap i sentrum

Drapet skjedde på open gate like ved Brosundet i Ålesund i eit området med både hotell, restaurantar og bygardar. Det var også her den sikta blei pågripen.

Valdsepisoden skjedde like utanfor Scandic hotell i Molovegen i Ålesund sentrum. Den skadde mannen vart køyrt til sjukehuset, men livet stod ikkje til å redde.

Scandic Ålesund, Drapsepisode i Ålesund

Den alvorlege valdsepisoden skjedde ved eit hotell i Ålesund sentrum.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet opplyser måndag kveld at dei har avhøyrt ei rekkje personar, både folk som kjende dei involverte og forbipasserande som har vore vitne til drapet. Ifølgje politiet tilhøyrer den sikta eit rusmiljø i Ålesund.

– Vi utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt å sikte fleire. På dette tidspunktet har vi sikta berre ein person, men vi kan ikkje utelukke noko, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad til NRK.

Leita i søppelbøtter

Drapsepisode Moloveien

Politiet leita mellom anna i søppelbøtter og under bilar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet gjennomsøkte måndag kveld eit større område, utan å ville seie kva dei leitar etter. Ifølgje NRK sin reporter på staden leita dei i søppelbøtter, busker, sidegater og under bilar som er parkert i nærleiken av åstaden og nærliggande gater. To hundepatruljar var også involvert i søket, i tillegg til fleire politibilar med både sivil- og uniformert politi.

Drapsepisode Ålesund 26.02.18

Politiet gjorde seint måndag kveld eit funn av ein gjenstand i Brosundet, men ønskja ikkje å stadfeste om det var drapsvåpenet dei hadde funne.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Ifølgje TV2 leita politiet etter ein kniv, som dei meinte kunne vere drapsvåpenet, men politiet ønskte ikkje å kommentere dette måndag kveld.

Brannvesenet gjorde også fleire søk i sjøen i nærleiken av åstaden. I 23.00-tida måndag kveld returnerte brannvesen og politiet til staden for å gjere eit nytt søk i Brosundet. Politiet avslutta søket om lag ein halvtime seinare etter å ha gjort eit funn, men ønska ikkje å stadfeste om det var drapsvåpenet dei hadde funne.

Politiet leitar i området der drapet i Ålesund skjedde.

Heimehøyrande i Møre og Romsdal

Politiet fekk melding om hendinga kl. 16.45 og har arbeidd med å kartlegge kva som skjedde i forkant av valdshendinga.

– Slik eg forstår det er begge dei to heimehøyrande i Møre og Romsdal, seier Ferstad.

Dei skal vere norske statsborgarar.

Ein mann er pågripen og sikta for forsettlig drap i Ålesund.

SIKTA: Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad opplyste i ein pressekonferanse at ein mann i 20-åra døde etter ei alvorleg valdsepisode i Ålesund sentrum i ettermiddag.