Hopp til innhold

– Listhaug har svikta oss

Bønder i Ørskog, heimbygda til landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp), fnys av tilbodet dei har fått frå staten. Over heile landet rustar bøndene seg til kamp.

Bondeaksjon i Ørskog

Bønder i Ørskog meiner Sylvi Listhaug og regjeringa utgjer ein fare for landbruket.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Tysdag braut bondeorganisasjonane forhandlingane med staten. Bøndene meiner at tilbodet som Listhaug har lagt på bordet er for dårleg. Tilbodet var knapt ein tredel av det bøndene har forlangt.

Rundballane, som er dumpa langs vegane fleire stader i landet, gir klart uttrykk for kva bøndene meiner om jordbruksoppgjeret. Erna, Siv og Sylvi er ein fare for norsk landbruk.

Bøndene kjenner seg svikta

Eli Sjåstad

Eli Sjåstad, nestleiar i Ørskog bondelag.

Foto: Frode Berg

Kravet frå bøndene er på 1,5 milliardar kroner, men landbruksministeren er ikkje villig til å gi meir enn 150 millionar. Nestleiar i Ørskog bondelag, Eli Sjåstad, syns at signala frå Listhaug truar næringa.

– Listhaug har heilt klart svikta bøndene. No håper vi at Stortinget ser kva for konsekvensar dette kan få, seier Eli Sjåstad, nestleiar i Ørskog bondelag.

Ho trur at dei langsiktige konsekvensane for jordbruket kan bli enorme.

– Dei minste gardbrukarane kjem til å felle vekk viss det blir slik som Listhaug vil. Eg trur at også jordbruket vil bli sentralisert og vi kjem til å sjå fleire store og effektive bruk i staden for det mangfaldet vi har i dag, seier Sjåstad.

Det har lenge vore snakk om at bøndene må tene meir pengar slik at fleire blir freista til å ta over gardsdrift i framtida. Sjåstad trur no at dei nye strukturendringane vil gjere landbruket endå mindre attraktivt.

Traktorkolonne i Rauma

Bondelaget i Rauma i Romsdal fyrer opp under aksjonsgløden som bønder over heile landet viser.

– Vi skal markere oss skikkeleg klokka tolv i sentrum av Åndalsnes, seier Anders Øverbø som er leiar i Rauma Bondelag.

Han er klar med kamprop, traktorkolonne og trommer.

– Vi må vise igjen, for dette er alvorleg for oss, seier Øverbø.

Kampklare Raumabønder

Rauma Bondelag rustar seg til kamp.

Foto: Rauma Bondelag

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL