NRK Meny
Normal

Ein fantastisk dag for fotografering

Den 18. aprildagen viste naturen i fylket seg frå si alle finaste side. Svært mange fotoentusiastar fanga vakre, mektige inntrykk gjennom fotolinsa.

Mann i fjæra ved solnedgang

Geir Bjørdal Srisoi fangar ofte gylne augneblink i linsa når han er på Alnes.

Foto: Geir B Srisoi

Mange i Møre og Romsdal har brukt dagen i dag og dei fine påskedagane til å fange lyset og gode motiv.

No er det berre om å gjere å nyte alle dei gode, fine og forbigåande øyeblikka som er festa gjennom linsa.

Mange tusen på Alnes

Den vakre aprildagen vi snart legg bak oss, fekk folk i alle aldrar til å løfte kamera mot skyer, bølgjer, fjørestemning, solnedgang og fyrtårn på Alnes.

Sjø slår mot land på Alnes i Giske

Store bølgjer mot land er eitt av favorittmotiva til Ann Kathrin Grande.

Foto: Ann Kathrin Grande

– Her har vore tusenvis med folk dei siste dagane som vil sjå vakker natur. Det blir sagt at 4600 personar var innom kaffien ved fyret i løpet av påska, seier Ann Kathrin Grande, som sjølv er ein ivrig fotograf med Alnes som ein av favorittstadane sine.

Ho meiner Alnes er ein vakker forblåst stad, der naturen viser seg i all sin velde uansett årstid. Hit kjem surfarar, familiar, unge som eldre, turistar og andre for å nyte den fasinerande naturen.

To fotografar på Alnes

Ann Kathrin Grande og Geir Bjørndal Srisoi har funne fotoeldoradoet sitt på Alnes.

Foto: Frode Berg / NRK

– Det er kjempedeileg å vere på Alnes. Her er ein veldig energi, synest Ann Kathrin, og legg til at etter hennar smak overskya utan regn eller sol, det aller beste tidspunktet for å ta gode bilde.

Fasinerande jettegryter

Geir Bjørndal Srisoi er ofte på jakt etter lyset og motiva på Alnes.

– Dei beste bilda har eg teke eit stykke lenger borte, seier han og peikar ut eit kupert området der fleire jettegryter ligg.

Terrenget ved jettegrytene må vere frå vulkansk tid, trur han, for steinen har så utruleg mange og ulike fargar.

Utsikt mot havet via fjellformasjonar på Alnes

Geir Bjørndal Srisoi er særleg glad i dei mange formasjonane og fargane i svaberga og jettegrytene yst mot havet på Alnes.

Foto: Geir Bjørndal Srisoi

– Alnes må berre opplevast. Naturen er rett og slett så vakker, og her finn du alle moglege motiv. Frå fjøra og fyret til nordlyset og dei ulike årstidene. Svært mykje bra, rett og slett!

Han og Ann Kathrin møter mange andre som jaktar det spesielle lyset og himmelen der bølgja bryt ute ved Norskehavet.

– Du ser det i augo på dei at dei har ei heilt spesiell oppleving, seier Geir.

Mang ein gong har han forbarma seg over amatørfotografar som prøver å ta bilde med blits for å fange dei beste motiva.

Utsikt mot Alnes med fyret i horisonten i solnedgang

Når fyret og terrenget på Alnes viser seg fram på denne måten, må naturlegvis kameraet fram.

Foto: Geir B Srisoi

– Eg synest nesten synd på dei, og då er det berre å gå bort til dei, og hjelpe dei litt med innstillinga. Så har du praten i gang og det heile, seier Geir, før han igjen rettar eiga linse mot vakre Alnes-motiv.