Hopp til innhold

Ein effektivt og godt driven kommune

Kristiansund er best i landet, slår KS-konsulent fast.

Kommunekompasset til Kristiansund

Siv Iren Andersson, Anniken Kleven Gasser, Karl Ketil Skuseth, Arne Ingebrigtsen, Kjell Neergaard, Per Sverre Ersvik og sittende Håvard Moe.

Foto: Petter Ingeberg / Kristiansund kommune

Rosen skuldast at Kristiansund i år er den best drivne og mest effektive kommunen i landet. Det gjeld for dei kommunane som brukar eit verktøy som blir kalt «Kommunekompasset». Målet med «Kommunepasset» er nettopp å gjere kommunane betre.

– Kristiansund er klart best i år, og det er tre år sidan nokon kommune har skåra så høgt som Kristiansund har gjort no, fortel Håvard Moe i KS-konsulent.

Det er eit selskap som kommunane eig, og som er eit dotterselskap av KS. Målet med «Kommunepasset» er at kommunane skal strekke seg etter å bli den ideelle kommunen.

Sjølvskryt er velskryt

Seniorrådgiver Håvard Moe i konsulentselskapet KS Konsulent

Håvard Moe slår fast at Kristiansund er klart best i år.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

– Med dette er Kristiansund godt på veg, i alle fall. Etter kvart blir ein best på det ein er god på. Viss ein greier å jobbe jamnt og trutt og halde eit langsiktig fokus blir det betre tenester.

«Kommunepasset » har fleire målområde, mellom anna:

  • politisk styring
  • leiarskap
  • effektivitet
  • vere ein god arbeidsgjevar

– På Nordmøre er vi ikkje så flinke å skryte av oss sjølve, vi jublar heller litt inne i oss. Men no kan vi slå oss på brystet og seie at vi er mellom dei beste i landet. Når eg veit kva situasjon kommunen har vore i dei par siste åra, så er eg stolt av det vi har oppnådd, smiler ordførar Kjell Neergaard.

Har likevel utfordringar

«Dette er ein lagsiger» var det fleire som sa då kommunen blei heidra. Ei stadfesting på at kommunen har jobba rett både metodisk, med ei god tilnærming og å levere gode tenester kvar dag, blei det sagt.

Den som er god evnar gjerne å sjå at ein ikkje er i mål, men at ein kan bli betre. Det er nok det som ligg bak når rådmann Arne Ingebrigtsen seier kommunen også må bli gode på det som ikkje står i manus, det som ikkje er føresett.

– Vi har ein del hol i manus der vi ser at vi ikkje greier å mobilisere fort nok, vi har ikkje sett av nok pengar, vi har ikkje nok mannskap og utstyr, tenker rådmannen høgt.

Siv Iren Andersson

Kommunalsjef Siv Iren Andersson rosar dei som tar dei daglege utfordringane.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Han viser til noko så enkelt som utfordringane som kjem når det blir snø, og meiner det er enklare å takle det som er føresett og som kan bli automatisert. Men både han og kommunalsjef Siv Iren Andersson vil gjerne vere med på lagsigeren. Og også dele den med andre.

Ros til dei tilsette

– Dei tilsette har mi heile og fulle beundring. Å stå i kvardagen og handtere det som brukarane både ventar og fortener kvar dag. Den systematikken er det som gjer at vi skårar så høgt no, trur Andersson.

– Dette er den tredje evauleringa KS-konsulent har gjort, og Kristiansund har no bevist at kommunen jobbar veldig målretta og systematisk, slår Håvard Moe fast.