Hopp til innhold

Ein brunsnigel i språket

I dag klagar språkkommentatoren over det han kallar ein brunsnigel i språket.

Iberiasnegl
Foto: Berit Roald / Scanpix

Me brukar jo gjerne bilde frå hage og eng når me snakkar om språklege fenomen me ikkje likar. Me kallar det språkleg ugras. Men det eg skal syte og klage over i dag, kan eg like gjerne samanlikne med ein ufyseleg brunsnigel. Det er tjukt av svineriet for tida, du har kanskje lagt merke til det du òg – særleg i nyheitsintervju i radio og fjernsyn. Eg snakkar om uttrykket i forhold til.

- Er det gale au no, spør du kanskje.

Ikkje i og for seg, der uttrykket høyrer heime. Men no blir det brukt så ofte og så gale at det set sine slimete sniglespor over språket og gjer det slapt, upresist, ukorrekt og direkte stygt.

Advokaten

Nyleg høyrde eg i eit radioprogram ein lang samtale med ein av våre mest kjende forsvarsadvokatar, ein mann som bør meistre språket og ha respekt for ordet. Men han har også lært seg sidan sist eg høyrde han at i forhold til er eit flott uttrykk. Om eg seier at han brukte det i annakvar setning, overdriv eg nok, men ikkje mykje.

Advokaten, som skal sleppe å få namnet sitt nemnt, er blitt ein av dei

  • som ikkje tvilar på noko, men er i tvil i forhold til noko
  • som ikkje vil gjere noko med saka, men vil gjere noko i forhold til saka
  • som ikkje bestemmer seg for noko, men bestemmer seg i forhold til noko
  • som ikkje tenkjer over noko, men tenkjer seg om i forhold til noko
  • som ikkje er redd for at noko skal gå for seint, men er redd for problem i forhold til tempo

Samanlikningar

Og i enkle samanlikningar er dei vesle orda enn og som i ferd med å gå i gløymeboka hos mange av oss. For kvifor seie

  • at situasjonen er betre enn i fjor, når du kan seie at situasjonen er betra i forhold til i fjor
  • eller at nokon tener dobbelt så mykje som i fjor, når du kan seie at dei tener dobbelt så mykje i forhold til i fjor….

Skrekk og gru...

Eitt av dei verste eksempla eg kan minnast, var ein som har barn med språkvanskar som fag, og som sa – og dette er eit ordrett sitat:

"...ungar som er i grenseområdet i forhold til at dei ikkje blir oppdaga i forhold til å ha språkvanskar."

Eigentleg trur eg ikkje at mi vesle ytring kan utrette stort i forhold til (hm) å utrydde denne brunsnigelen i språkhagen. Men det er godt å få sagt det.

Berre litt?

Då eg i dag tidleg sat ved kjøkenbordet og gjorde nokre notat til dette programmet, høyrde eg ein politikar snakke om eit tema ho var beden om å kommentere. Ho var heilt klårt imot, fordi det var - som ho sa - "litt dumt". Men viss det berre er litt dumt, er det vel ikkje stort å snakke om?

Og no er eg visst inne i eit nytt kåseri, om at alt for tida skal vere litt sånn og sånn: litt dumt, litt skadeleg, litt uheldig, så eg berre konkluderer med at den overdrivne bruken av "i forhold til" er – ja, litt dum...

Send forslag til andre tema i Ord i dag