Hopp til innhold

Førar sat fastklemt etter trafikkulykke

Ein bil køyrde inn i ein fjellvegg i Hustadvika kommune måndag kveld. Føraren av bilen vart sendt til sjukehus og skal vere alvorleg skadd.

Ulykke Hustadvika del 2

ALVORLEG SKADD: Personen som var i bilen som kolliderte vart alvorleg skadd.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Ein førar skal ha vore fastklemt i ein bil, etter at vedkommande køyre inn i ein fjellvegg i Hustadvika.

– Føraren er no frigjort og sendt til sjukehus i Molde med luftambulansen, seier Sindre Molnes i politiet.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kva som var årsaka til ulykka. Føraren som er sendt til sjukehus skal vere alvorleg skadd.

– Personen sat fastklemt og vart frigjort av brannvesenet på staden, seier innsatsleiar i politiet, Bjørn Melby.

Tysdag morgon opplyser politiet og operasjonsleiar Jan Arild Austnes at dei har hatt ein kort samtale med den skadde. Likevel er det førebels for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka, men det er ikkje mistanke om ruskøyring. Politiet har rutinemessig tatt beslag i førarkortet.

– Politiet vil gjere sine undersøkingar på staden, og sikre spor. Og snakke med eventuelle vitne, seier innsatsleiar i politiet, Bjørn Melby.

Ulykke Hustadvika

Politiet sin innsatsleiar, Bjørn Melby, seier det var store materielle skadar etter ulykka.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Vedkommande, som er det politiet kallar ein ung mann, låg lenge fastklemd i bilen som kolliderte med fjellveggen. Det var meldt om ulykka klokka 22.30. Først ein time seinare letta ambulansehelikopteret frå staden.

Vegen er stengt

Ulykka skal ha skjedd på Stemmavegen i Hustadvika kommune. Det er ikkje langt frå den populære turistattraksjonen Atlanterhavsvegen.

Stemmavegen vart stengt som følge av ulykka. Bilbergar kom til staden og vegen opna igjen natt til tysdag klokka 01.15.