Skanska leverer nytt tilbod innan fristen

Fredag blei det klart at Skanska vil levere eit nytt pristilbod for nye sjukehuset på Hjelset, etter dialog med prosjektstyret. Måndag kjem tilbodet opp på styremøtet til Helse Møre og Romsdal.

SNR Sykehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Sjukehuset, slik det framstår på dagens skisser, er utvikla i samhandling mellom Helse Møre og Romsdal, Sykehusbygg og entreprenørselskapet Skanska.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Etter det NRK Møre og Romsdal kjenner til er det fredag hektisk aktivitet på fleire frontar for å gjere eit siste forsøk på å få i hamn ein avtale som sikrar rask byggestart på det nye sjukehuset på Hjelset.

No stadfestar Skanska at dei leverer nytt tilbod innan fristen, som er innan fredagen. Denne siste beskjeden fekk NRK frå Skanska fredag kveld:

Skanska melding
Foto: Skjermdump

Dyster beskjed

Stemninga var heilt annleis torsdag ettermiddag då styreleiar, administrerande direktør og assisterande direktør i Helse Møre og Romsdal orienterte styret i Helse Midt-Noreg. Meldinga var tydeleg: Eit samanbrot i forhandlingane med Skanska kunne vere nær.

– Dette er inga hyggeleg julegåve å gje, verken til dei tilsette eller til folket i Møre og Romsdal, sa styreleiar i Helse Møre og Romsdal under eit møte i Stjørdal i går.

Meldinga om eit nærståande samanbrot i forhandlingane står i skarp kontrast til det som skjedde for eit år sidan.

Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal

Ingve Theodorsen er styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– 22. oktober i fjor var ein lykkens dag. Då skreiv vi under kontrakt med Skanska om bygging av nytt sjukehus på Hjelset. Gjennom samhandling skulle vi utvikle prosjektet ned til ein målpris på 4,6 milliardar kroner, utan at det gjekk på bekostning av funksjonane, sa Theodorsen.

Men alt i juni i år kom det illevarslande rapportar. Desse viste at prisen låg 180 millionar kroner over denne styringsramma. Og det skulle vise seg å bli verre.

Kostnadene galopperte

NRK sit i dag på tal som viser at både kostnader og talet på kvadratmeter har gått opp i staden for ned gjennom store deler av 2020.

I byrjinga gjekk det rett veg. Prosjektet blei kutta frå eit bruttoareal på 72.000 kvadratmeter til i overkant av 50.000. Dette skjedde ved at dei fjerna ein parkeringskjellar, ein ambulansestasjon, kontorareal og tekniske anlegg.

Men så byrja detaljplanlegginga. Frå februar gjekk talet på kvadratmeter opp frå 51.893 til det nådde toppen i juni på 56.422. I oktober var talet på kvadratmeter justert til 55.475.

Frå april ser også prislappen frå Skanska ut vil å ha auka kraftig. Dette gjeld både summane for byggemateriale, arbeidskraft, påslag og inndekning av ymse typar risiko.

– Etter sommaren sklei summen til eit par hundre millionar over styringsramma. Og frå oktober av utvikla dette seg i veldig feil lei. Det siste tilbodet kom frå Skanska 8. oktober. Dette resulterte i ei tilråding om å avbestille det heile, sa Theodorsen.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Sist veke slo kostnadsutviklinga ned som ei bombe då styret fekk ein rapport på direkten. Styret måtte ta ein knapp times pause for å setje seg inn i opplysningane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Arbeidsmarknaden påverkar kostnadene

Etter det NRK kjenner til er det ikkje berre kostnader til betong, armering og installasjonar som har skote i vêret. Bygginga av sjukehuset krev svært mange arbeidarar. Og lokalt fins det ikkje nok arbeidskraft. For å bøte på dette forsøkte prosjektorganisasjonen å lage eit opplegg det det blei laga modular og element på fabrikk ein annan stad i landet. Dette prosjektet blei lagt bort, då det viste seg å bli lite å spare.

I staden satsa dei stort på import av arbeidskraft. Desse arbeidarane skal etter planen bu i store brakkeriggar. Dette skal, etter det NRK forstår, ha drive kostnadene kraftig oppover, og skal vere ein av grunnane til at kvadratmeterprisen blir langt høgare enn ved andre tilsvarande prosjekt.

Arbeidsmarknaden innan bygg og anlegg i Møre og Romsdal er sterkt pressa, ikkje minst på grunn av det store vegprosjektet Nordøyvegen.

Sjukehustomta på Hjelset

På bakgrunn av ein del mindre kontraktar er det allereie gjennomført ein del anleggsarbeid på sjukehustomta.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Årelang strid

Bygginga av nytt, felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal har vore omstridd frå dag éin. Kristiansund hadde ført ein årelang kamp for å behalde akutt-funksjonar og fødeavdeling i nordmørsbyen. I Molde hadde det i fleire år vore arbeidd med konkrete planar om nytt lokalsjukehus. Då det blei bestemt at eit nytt, felles sjukehus skulle byggjast på Hjelset i Molde gjekk Kristiansund til rettssak. No er det andre gongen at byggeprosessen bremsar opp fordi kostnadene er for høge.

Frist til i dag

Entreprenøren Skanska har frist til i dag med å kome med eit siste pristilbod. I prinsippet gjeld denne fristen fram til midnatt. Dei siste dagane har det vore hektisk aktivitet fleire stader. Det er aktivitet i Trondheim der sjølve samhandlinga mellom Helse Møre og Romsdal, Sykehusbygg og Skanska føregår. Det er det også i Stjørdal, der hovudkontoret til Helse Midt-Noreg ligg. Sjukehuset på Hjelset er eitt av dei to største investeringsprosjekta i Helse Midt-Noreg. Helse Midt-Noreg spelar ei avgjerande rolle om kostnadsrammene skal utvidast. Helse Midt-Noreg spelar også ei hovudrolle i finansieringa av sjukehuset.

Styremøte måndag

Aktiviteteten er også stor i Helse Møre og Romsdal, som eigar og drivar av det nye sjukehuset. Straks Helse Møre og Romsdal får den endelege beskjeden frå Skanska, seinast fredag klokka 23.59, set administrasjonen i gang med førebuingane til ei styresak.

Denne skal opp i ekstraordinært styremøte førstkomande måndag klokka 10.00.

– Kva om alt skjer seg?

Det er framleis uvisst kva som skjer om prosjektetleiinga seier takk og farvel til Skanska. Så langt har det vore skissert nokre utvegar. Prosjektet blir i så fall minst 6 månader forseinka. Men leiinga for utbygginga er tydelege på at det er viktig å oppretthalde framdrifta i prosjektet.

– Ein konsekvens av meldinga som kjem frå Skanska fredag kan vere at vi avbryt kontrakten med selskapet. Ingen er i tvil om behovet for nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Det går føre seg ein del førebuande arbeid på tomta, sa administrerande direktør Øyvind Bakke i Stjørdal i går. Han la vekt på at det er viktig at framdrifta vert oppretthalden også sjølv om kontrakten med Skanska blir avbroten.

Dette er dei siste planane for ein alternativ veg:

  • Førebu konkurranse for vidare prosjektering. Dette skal ut i marknaden så snart som råd.
  • Førebu alternative modellar for gjennomføring av byggeprosjektet på Hjelset.
  • Gjennomføre ny usikkerheitsanalyse som vil gje ny prognose og forslag til nye kostnadsrammer.
  • Ny styresak med ny gjennomføringsmodell, framdriftsplan og kostnadsrammer blir lagt fram i styremøte i Helse Møre og Romsdal i veke 3.
  • Langtidsbudsjettet for 2021 til 2031 kan bli oppdatert for å vise følgjene av auka kostnadsramme.

I går blei det varsla at det mest sannsynleg blir eit ekstraordinært styremøte i Helse Møre og Romsdal komande måndag for å ta stilling til det endelege tilbodet frå Skanska.