NRK Meny
Normal

Mann i skotsikker vest arrestert i væpna aksjon

Kinoen i Molde blei torsdag kveld evakuert då politiet gjekk til væpna aksjon. Mistenkjeleg åtferd frå ein mann iført skotsikker vest i kinosalen ligg bak.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet gjekk til væpna aksjon ved Molde kino i sentrum av romsdalsbyen.

– Vi fekk inn meldinga klokka 21.34 torsdag. På bakgrunn av meldinga væpna vi oss og rykker ut, fortalde operasjonsleiar Aron Tonning i Møre og Romsdal politidistrikt like før klokka 23.30 torsdag.

Meldinga gjekk på at ein mann, iført skotsikker vest, sette igjen ein ryggsekk i kinolokalet. Det var andre kinogjengarar som tipsa politiet.

– Ransaking av person og sekk enda i ingen funn av våpen eller andre farlege gjenstandar, seier operasjonsleiar Ole Wulvik i ei pressemelding like over midnatt.

Mannen som blei arrestert er ein kjenning av politiet i Molde. Han sit no i varetekt.

– Motivet for hendinga er ukjent. Dette vil den vidare etterforskinga forhåpentlegvis gi svar på, seier Wulvik.

– Forståing for at det blir opplevd dramatisk

Politiet ville først ikkje gå i detaljar om kva som hadde skjedd før, under og etter den væpna aksjonen. Seinare gjekk politiet tilbake på det.

I pressemeldinga like over midnatt seier Wulvik at vurderinga om å væpne seg blei gjort i tråd med dei taktiske vurderingane i politiet.

– Politiet har forståing for at dette kan bli opplevd som dramatisk for dei som er involvert i hendinga.

Laster Twitter-innhold

Ingen skadd

Alder på mannen som blei arrestert torsdag kveld er førebels uklar. Ingen kom til skade under hendinga.

– Alle som er råka blei evakuert frå kinoen. Vi fekk raskt kontroll på situasjonen og ingen blei skadd, sa Tonning torsdag kveld

Politiet vil gi ytterlegare informasjon om hendinga ved Molde politistasjon fredag klokka 09.00.