Hopp til innhold

Ein alvorleg skadd etter utforkøyring på Eide

Ein person er alvorleg skadd etter ei utforkøyring ved Lyngstad i Eide seint i går kveld. Vedkommande skal til St. Olavs, men overføringa er utsett på grunn av vêret.

Trafikkulykke Eide

Ein person er alvorleg skadd etter utforkøyring og rundvelt ved Lyngstad i Eide.

Foto: Bjørn Ove Angvik

Ein person er alvorleg skadd etter ei utforkøyring ved Lyngstad i Eide seint i går kveld.

Den skadde er planlagt frakta til St. Olavs, men har på grunn av vêret blitt verande i Molde inntil vidare, opplyser politiet.

Statens vegvesen si etterforskingsgruppe er innkalla i forbindelse med hendinga, men det er enno for tidleg å seie noko om kva som er skjedd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL