NRK Meny

Eiksundtunnelen opna igjen

Eiksundtunnelen er no open igjen etter å ha vore stengt etter eit trafikkuhell. Ein personbil køyrde inn i betongveggen ved innløpet til tunnelen. Det var glatt på staden, og politiet opplyser at føraren av bilen er tatt med til lege for sjekk. Stenginga førte til lange køar på begge sider av tunnelen.

Kø mot Eiksundtunnelen
Foto: Åge Andre Breivik