Solskjær-hyllest til Wolff Eikrem etter siger i fylkesderby

MOLDE (NRK): Veslebror Kristiansund hadde vunne dei to siste oppgjera. I kveld slo Molde tilbake – med Magnus Wolff Eikrem i hovudrolla.

Eliteserien fotball 2018, Molde - Kristiansund.

I FORM: Magnus Wolff Eikrem begynner for alvor å kome i form etter returen til norsk fotball. I dag varta han opp med eitt mål og to målgjevande pasningar.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– «Maggie» kjem til å kome meir og meir. Det er få i Norge som har same fotballhjerne og teknikk som han, seier Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær til NRK.

Det har tatt litt tid for Magnus Wolff Eikrem å spele seg varm i Molde-trøya etter at han vende tilbake til moderklubben i sommar.

Men i dag, i hans sjette seriekamp etter overgangen frå Seattle Sounders, slo Wolff Eikrem verkeleg på stortromma.

To Sarr-scoringar

Eliteserien fotball 2018, Molde - Kristiansund.

TOMÅLSSCORAR: Midtbanespelar Babacar Sarr.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Først slo 28-åringen corneren som Babacar Sarr stonga i mål i det 12. minutt.

Seks minutt etter pause kom 2–1 på nesten identisk vis: Hjørnespark frå Wolff Eikrem og heading i mål.

Berre fem minutt seinare scora Wolff Eikrem sjølv etter pasning frå Ruben Gabrielsen.

– Forma mi begynner å kome seg, smiler målscoraren etter kampslutt.

Eliteserien fotball 2018, Molde - Kristiansund.

HYLLAR WOLFF EIKREM: Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær. I sommar henta Solskjær 28-åringen til Molde for andre gong. Han har tidlegare også signert Wolff Eikrem som Cardiff-manager.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Bye ordna spenning

Kristiansund kom frå to 1-0-sigrar mot Molde i seriesamanheng, frå november i fjor og april i år.

Også i dag viste veslebror at det ikkje er tilfeldig at dei ligg eit godt stykka unna nedrykksstriden også i år.

Flamur Kastrati utlikna til 1–1 frå kort hald i det 26. minutt. Knappe 20 minutt før full tid reduserte Bendik Bye til 3–2.

Dermed var det duka for ei høgdramatisk avslutning på fylkesderbyet. Men dei heilt store sjansane til bortelaget kom aldri og Molde vann det fartsfylte lokaloppgjeret 3–2.

– Det er ekstra spesielt å slå Kristiansund. Faktisk har eg aldri spelt ein offisiell fotballkamp mot dei tidlegare, seier Magnus Wolff Eikrem til NRK.

Går for Europa

Eliteserien fotball 2018, Molde - Kristiansund.

VIL HA MEDALJE OG EUROPA-BILLETT: Vegard Forren.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Molde har vore gjennom ein svak periode med berre eitt poeng på dei tre siste seriekampane. Men med dagens siger ligg dei berre eitt poeng bak FK Haugesund på bronseplass.

– Denne sigeren betyr alt. Både fordi det var eit lokalderby og fordi vi har hatt ein dårleg periode. No skal vi berre spele éin kamp i veka framover. Vi går for tredjeplassen, seier Ole Gunnar Solskjær til NRK.

– Vi kjem neppe på topp to. Men vi går for å hamne i Europaligaen, supplerer midtstoppar Vegard Forren.

Eliteserien fotball 2018, Molde - Kristiansund.

UTLIKNA: Flamur Kastrati scora sitt andre mål for Kristiansund i sin tredje kamp for klubben.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Veslebror deppa ikkje

Målscorar Flamur Kastrati var tilsynelatande ikkje veldig skuffa etter tapet, sjølv om han sa seg nokså misnøgd med at nordmøringane sleppte inn to dødballmål.

Den tidlegare Sandefjord-spelaren klarte heller ikkje å unngå å nemne kven av dei to Møre og Romsdal-klubbane som mest pengar i banken.

– Så er jo dette ein klubb med helv ... mykje pengar. Det er Møre og Romsdals største klubb, seier dei. Men vi leiar framleis 2–1, seier Kastrati til NRK.

NB. Inkluderer ein seriekampar i 2017 og 2018, altså etter at Kristiansund BK vart eit eliteserielag, har rivalane vunne to kampar kvar.

Laster innhold, vennligst vent..