Hopp til innhold

Siste: Eikesdalen opnar trass i nytt ras

Etter eit nytt ras i Eikesdalen såg det mørkt ut for den mellombelse vegen. Tysdag ettermiddag melder derimot Statens vegvesen at vegen vil opne klokka 18.00.

Ras i Eikesdalen

Det blir jobba for å byggje ein mellombels veg etter flaumskreda. Nye ras og store mengder nedbør gjer arbeidet vanskeleg.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vegen har vore stengd sidan laurdag på grunn av fleire ras, men er no vurdert som sikker nok til å tillate fri ferdsel, opplyser Kjell Haukeberg i Vegvesenet.

Den mellombelse vegen har eitt køyrefelt og nedsett fartsgrense.

– Fagfolk vil no bruke tid på å komme fram til ei permanent løysing for vegen på staden. Det er venta at den mellombelse vil vere i bruk fram til hausten, seier Haukeberg.

Kjell Haukeberg, Statens vegvesen

Kjell Haukeberg i Statens vegvesen opplyser at den mellombelse vegen gjennom Eikesdalen blir opna tysdag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Nye dreneringsrøyr i vegen skal ta unna vatn. Dei komande dagane startar arbeidet med å rydde rasløpet slik at dette får same kapasitet som før raset, opplyser Statens vegvesen.

– Geologar anslår at det er om lag 10.000 kubikkmeter masse som må ryddast, fortel Haukeberg.

Det vil vere arbeid langs vegen i lang tid framover. Trafikantane må truleg bu seg på noko ventetid, og Vegvesenet oppfordrar alle til å vere merksame og respektere fartsgrensene. Med større nedbør kan vegen bli stengd på kort varsel, opplyser Vegvesenet.

Nytt ras

Det var laurdag 12. juli at det gjekk fleire jord- og grusras. Skadane var større enn ein først trudde, og oppryddingsarbeidet tek tid. Den einaste offentlege vegen ut av Eikesdalen er dermed sperra og lokalbefolkninga kjem seg ikkje ut i retning nordover.

Tysdag gjekk det eit nytt ras, og det såg ei stund mørkt ut for den mellombelse passasjen som var planlagd forbi rasstaden.

Det såg ut til at vegen først blei opna onsdag, sa avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Knut Nauste.

– Vi prøver å få opna i kveld, men er vi usikre so kjem vi til å utsette. Men noko seinare i morgon tidleg blir det ikkje, då skal Eikesdalen vere kopla til det ordinære vegnettet.

No blir derimot vegen opna tysdag klokka 18.00.

Ras i Eikesdalen

Gravemaskiner og arbeidarar var måndag i full gang med å utbetre etter flaumskreda i Eikesdal.

Foto: Roar Halten / NRK

Langt igjen til reparert hovudveg

Når det gjeld den permanente vegen, fylkesveg 191 slik den var før raset, jobbast det no med å bygge opp att den ved å sikre brua. Det må fyllast på igjen med masse der det har rast ut under, og arbeidet vil halde fram i nokre dagar framover.

– Vi håper å få brua sikra i løpet av ferien og om vi greier det kan vi nok opne vegen igjen i ferietida, men blir vi usikre så ventar vi. Vi meiner den førebelse vegen er god nok til det, seier Nauste.

Internt i Eikesdalen har det vore ope i helga, men det nye raset har sannsynlegvis stengt av Vike og Eikesdalsvatnet. Når det blir rydda opp på staden vil det truleg bli omkøyring om bomvegen over Aursjøen og ned til Sunndalen.