Hopp til innhold

Eigaren av båten er sakna

Eigaren av båten som vart funnen tom utanfor Råneset i Averøy er sakna. Kystvakt, to redningsskøyter og redningshelikopter undersøkjer staden. – Båten vart funnen drivande på sjøen, og då mistenker vi med ein gong at noko ikkje er som det skal, seier Nils-Ole Sunde ved Hovedredningssentralen på Sola.