Eigarane besøker Kleven

I dag kjem dei nye Kleven-eigarane på sitt første besøk på verftet etter at kjøpsavtalen blei kjent tysdag morgon. På det konkursramma Ulstein-verftet skal den nye leiinga møte representantar for 200 Kleven-tilsette som framleis er oppsagt etter konkursen. Dei er oppmoda til å ta kontakt med Nav for å sikre seg ei mellombels økonomisk løysing medan dei ventar på kor mange som får jobb i Kleven framover.

Hans Jørgen Fedog
Foto: Lars Gunnar Eie/NRK