Ålesundsoterar er ikkje som andre. For det første får dei huslyd i eit stort akvarium, for det andre kan dei nyte livet på ei eiga øy, og for det tredje har dei ei heil fyrlykt til husrom.
– Dette er det største oterbassenget som nokon gong er laga. Det blir fantastisk for dei å halde til her, seier Trond Østrem, akvarist i Atlanterhavsparken.
Stolt kan akvaristen skue utover øya der oteren Nusse no kan bu saman med frøken Nuss og frøken Pia. Sjefen sjølv såg ut til å storkose seg med dameselskapet.
Akvariet har laga til gangveg for publikum rundt heile øya, slik at oterlivet kan opplevast på nært hald. Alt i dag då det heile blei innvigd, var mange på plass for å sjå på dei spesielle dyra.
– Vi har laga til mange spesialplassar der oterane kan ferdast og ha det gøy. Når det blir kald kan dei søke lys i fyrlykta, og få varme i kroppen, slår Østrem fast.
Sjøvatn til å bolte seg i manglar heller ikkje, så både fir-føtte og to-føtte går spennande tider i møte i akvariet i Ålesund.