Hopp til innhold

Eidsvik: – Kjende meg pressa til å velje Hjelset

Tidlegare administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, kjende seg pressa til å gå for Hjelset i valet av sjukehustomt. Under den opne høyringa om saka, gjentok ho at ho ville gått inn for at sjukehuset skulle ligge på Storbakken ved Kristiansund.

Astrid Eidsvik

Astrid Eidsvik under høyringa i Stortinget. Ho trekte seg som styreleiar i Helse Møre og Romsdal før jul i fjor.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg kjende meg pressa opp i eit hjørne av direktør Daniel Haga og styrelaiar Ola H. Strand i Helse Midt-Norge, sa Eidsvik under høyinga.

– Eg kjende at eg ikkje hadde autoritet til å fullføre arbeidet mitt.

Konflikten førte til at Eidsvik trekte seg frå stillinga si før jul i fjor. Eidsvik seier ho ikkje kjende seg pressa til å gå av, men at presset gjaldt valet av sjukehustomt.

Ho sa også at ho ville ha gått for Kristiansund dersom ho hadde fått fullføre arbeidet sitt.

– Mi innstilling ville vore Storbakken på Frei, sa Eidsvik, og gir dermed sjølv for første gong til kjenne kva for tomtealternativ ho ville gått for.

– Oppfatta signal om Molde tidleg

Stein Kinserdal, Astrid Eidsvik og John Harry Kvalshaug

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, Astrid Eidsvik og tidlegare styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug under høyringa.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Eidsvik seier at ho tildeg oppfatta at styreleiar i Helse Midt-Norge, Ola H. Strand, signaliserte at han ville lande på sjukehustomta på Hjelset i Molde. Ho var uro for at dette kom opp i samanheng med diskusjonen av ein ny modell for sjukehusplassering, den såkalla klustermodellen, der sjukehusa skal plasserast i nærleiken av kvarandre. Ho tok saka opp med sin styreleiar neste dag.

– Eg var uroa over om vi skulle innføre ein ny modell for å finne argument for plassering av det nye sjukehuset, ein modell som aldri var presentert i prosjektorganisasjonen vår, sa Eidsvik.

Sonderingar mellom styremedlemmane

Daniel Haga i Helse Midt-Norge

Daniel Haga er administrerande direktør i Helse Midt-Norge.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Eidsvik viser til eit felles styremøte mellom dei to helseforetaka i november 2014. I etterkant at dette skal administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga, ha sagt direkte til Eidsvik at han hadde landa på Hjelset i Molde som sjukehustomt.

– Han sa at det skulle vere styremøte neste dag der dei skulle sondere kvar dei ulike styremedlemmane stod i lokaliseringa. Dersom han blei spurt direkte, ville han seie at han hadde landa på Hjelset. Eg uttrukte at eg var svært undrande til at han hadde bestemt seg utan at Helse Møre og Romsdal hadde konkludert.

– Svekka av usemje

Eidsvik viser til eit møte mellom styra før dei skulle sluttføre idefaserapporten.

– I møtet var vi usamde om vektinga av argumenta og konklusjonen blei at tomtene måtte framstillast som likeverdige, noko som dermed svekka idefaserapporten. Dette blei også påpeikt som eit svakt punkt i idefaserapporten av Holte Consulting, sa Eidsvik.

I neste møte 27. november kjende ho seg meir pressa.

– Vi var no kjende med at Haga skulle gå for Molde. Det var difor viktig for meg å kome fram med mitt syn, noko eg ikkje hadde hatt høve til før.

Ho viser til at Haga etter presentasjonen hennar sa at det no var viktig å få eit vedtak.

– Han sa at slik han tolka både styreleiar og resten av styret, var det Hjelset som ville føre fram til eit slikt vedtak.

– Eg spurte om statsråden hadde bestilt dette, sa Eidsvik

Ho seier Haga deretter ringte sin styreleiar for å avklare spørsmålet.

– Kjende meg pressa

Ola H. Strand

Styreleiar i Helse Midt-Norge, Ola H. Strand.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Strand hadde snakka med statsråden, der han hadde formidla at han gjekk for Hjelset og hadde deretter spurt statråden om han syns det var ok. Han svara det var ok. Eg meinte dette var ein uvanleg måte å gå fram på og meinte Helse Midt-Norge brukte makta si på ein underleg måte, sa Eidsvik.

Haga skal då ha sagt at Strand kunne møte Eidsvik neste dag. Neste dag ble det halde eit møte mellom Strand, Kinserdal, Remme, Vanvik og Eidsvik.

– Eg kjende eit stør press for å få for Hjelset. Eg sa at eg kjende meg pressa det opp i eit hjørne utan utgang, noko dei skjøna. Eg spurte direkte om dei var i stand til å vurdere riskobiletet enn meg som hadde jobba med saka i tre år. Ja, var svaret, seier Eidsvik.

Eidsvik seier ho hadde vore opptatt av at prosessen skulle gå i rett rekkefølge.

– Det vart ikkje slik. Eg følte at eg ikkje hadde autoritet lenger til å fullføre arbeidet mitt.

Eidsvik ville gått for Storbakken

Eidsvik hadde no bestemt seg for å gå av. Ho seier Haga ba henne vurdere dette nøye og eventuelt stå til over jul og gå då, slik at ho kunne grunngje det med at ho var sliten.

– Det blei klart for meg at eg måtte gå av. Eg kunne ikkje stå oppreist og argumentere for eit lokaliseringsval eg ikkje var samd i. Dette gjekk på integriteten min.

Haga foreslo no at ho skulle legge fram saka utan innstilling.

– Eg klarte ikkje å legge fram ei tilråding eg var usamd i. Å legge fram ei tilråding om Storbakken var heller ikkje mogleg, sidan det var tydeleg formidla at Helse Midt-Norge ikkje lenger hadde tiltru til dømekrafta mi. Alle tidlegare tilbakemeldingar hadde vore positive. Eg skjøna difor ikkje dette plutselege skiftet, sa Eidsvik.

Ho kjende heller ikkje at ho hadde støtte i sin eigen styreleiar for å legge fram ei slik sak.

Helseminister Bent Høie (H)

Statsråd Bent Høie skal møte i høyringa mot slutten av dagen. Astrid Eidsvik seier ho ikkje kjende seg pressa av helseministeren, men av Helse Midt-Norge.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

På spørsmål presiserer Eidsvik at ho kjende seg pressa av Helse Midt-Noreg, ikkje av statsråden.

Eg har ikkje kjent meg pressa av Høie, verken direkte eller indirekte. Eg har ikkje vore i dialog med han.

Abid Radja frå Venstre spør om Eidsvik meiner Helse Midt har tatt statsråden til inntekt for eit syn, korrekt eller ikkje.

– Det kan du kanskje seier, svarar Eidsvik.

Sjå Astrid Eidsvik sitt innlegg her:

Tidlegare administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, kjende seg pressa til å gå for Hjelset i valet av sjukehustomt. Under den opne høyringa om saka, gjentok ho at ho ville gått inn for at sjukehuset skulle ligge på Storbakken i Kristiansund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL