Hopp til innhold

Eidsdal-Linge: Ekstra sommarferje

For å unngå lange ferjekøar i sommarsesongen, har Møre og Romsdal fylkeskommune bestilt ekstrakapasitet for ferjesambandet Eidsdal–Linge frå og med måndag 25. juni. Den auka ferjekapasiteten fører til at takstane blir auka med to soner, opplyser Arild Fugelseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ferjekaia i Eidsdal i Møre og Romsdal.
Foto: Sissel Brunstad / NRK